slåmaskin slep ehloHNM+370+C+3

BGs maskinleigeprisar på veg til deg

Den i særklasse mest omfangsrike prislista over prisar på maskinleige og leigekøyring er straks hos Bedre Gardsdrifts abonnentar. Lista viser prisoppgang over heile fjøla.

Publisert

Middelprisen på tresking stig berre svakt, med to kroner pr. dekar.

Dei fleste prisane er litt opp frå i fjor. Dels skuldast det at mange av maskinringane oppdaterer sine lister kvart andre år, og dermed ikkje fekk lagt inn kompensasjon for auka dieselprisar og andre kostnader om dei ikkje hadde oppdatering i fjor. Dels skuldast det at ikkje alle entreprenørane fekk lagt på det som måtte til i 2008, og dermed har eit lite etterslep i år.

Med over 100 kjelder og meir enn 2000 prisar i grunnlagsmaterialet er dette den mest solide lista som nokon gong er presentert her i landet, med prisar for heile 325 arbeidsoperasjonar og reiskapar. Det du ikkje finn pris på her, finn du neppe nokon annan plass heller.

Bedre Gardsdrift har stadige tilbakemeldingar på at lista er hyppig brukt i priskalkylar, til søknader om ymse lokale tilskotsordningar, i prisforhandlingar og sjølvsagt til leigekøyring og maskinleige. No er ventetida snart over: Trykkeriet arbeider akkurat no med å stifte saman dei drygt 100 sidene i Bedre Gardsdrift nr. 4 2009. Så skal Posten gjere jobben sin, og vips, så har du bladet i postkassen.

Prislista i Bedre Gardsdrift baserer seg på eit unikt kjeldemateriale. Vi har prisar frå alle maskinringane, og frå eit svært stort tal entreprenørar, store og små, frå alle delar av landet unntatt Svalbard. Alle som har hjelpt oss fortener ei stor takk!

Powered by Labrador CMS