Gloria image - /srv/askmedia/image/11378/1/11378_1.jpg

Avskaff \"fem kilometers regelen\"

- Avskaff den såkalte fem-kilometers regelen, og flytt fokus til merking og korrekt lysbruk, oppfordrer Tarjei Gjesdal og Terje Stokka i Maskinstasjonforeningen Rogaland i et leserbrev.

Publisert

Avskaff "5-km regelen"!

Sikker ferdsel er og skal vere den grunnleggjande føresetnaden for alle som nyttar vegane, herunder sjølvsagt og transport med landbruksmaskinar. Som brukarar av landbruksutstyr på veg, ønskjer me bidra til eit auka fokus på sikkerhet ved vegtransport.

Prisverdig initiativ

Bondelaget har teke eit prisverdig initiativ for betre sikkerhet med traktor langs veg. Saman med Traktor og landbruksmaskinimportøranes foreining (TLIF), Vegdirektoratet, Trygg trafikk, og Politiet har dei sett bumerket sitt på ei brosjyre, "Vis trafikkvett på traktoren", meint å presisere forskriftene som gjeld.

Bondelaget og TLIFs initiativ er positiv i den forstand at ein grundig diskusjon om retningsliner for ferdsel med traktor på veg nå ser uunngåeleg ut.

Brosjyren beskriv at landbruksreiskap med bredde over 255 cm, ikkje kan flyttas meir enn 5 km. (frå tun til teig, eller frå teig til teig).

Søknader om dispensasjoner blir avslått

Omsøkte dispensasjonar for kjøring utover desse lengde og breiddemåla er etter det me kjenner til avslått, hausten/vinteren 2008. Brosjyren lister og opp ei annan ny presisering av forskriftene; Ved forflytting av skurtresker skal ein nytte følgjebil uansett bredde på treskaren. Kanskje er snøbrøytingsutstyr over 255 cm det neste som vert forbode på vegane?

Kriminaliserer ei hel næring

Me stiller spørsmål om legitimiteten, og følgjene av desse presiseringane. Ei kunstig grense på 5 km for å flytte alminnelig landbruksutstyr, kan etter vårt syn "kriminalisere" ei heil landbruksnæring.

Strukturutviklinga i næringa, som har medført bruk av maskinar, leigejord og leigekøyring, kan neppe aleine seiast vere resultat av den einskilde bondens ønskjer, men og ut frå storsamfunnets krav om effektivisering.

Brosjyra legitimerer ei uholdbar fortolkning

Implementering av vegvesenets nye 5km grense, vil etter vårt skjøn setje utviklinga i landbruket tilbake med ein mannsalder. Brosjyren er me redd kan legitimere ei uhaldbar fortolking av gjeldande regelverk, og resultere i rettslaus avstenging av det som til nå har vore rekna som alminnelig forflytting og bruk av landbruksmaskinar.

Presiseringane i brosjyren rammer både bønder med eigne maskinar, og dei som nyttar innleie av maskintenester. Frakt til verkstader og forhandlarar vil og verte ramma. Brukarar i distrikta vil verte hardare ramma enn brukarar i sentrale strøk.

Lastebil inntil 3,0 meter er OK

Det er eit paradoks at traktor med reiskap (over 255 cm) nå bare kan flytte seg maks 5km, medan lastebil med blinkar kan køyre Noreg på langs om den er bare er under 300 cm brei.

Ein lastebil/semitrailer vil ha avgrensingar i kva vegar som kan nyttast, og ved overbredde kan den lovleg (utan disp.) berre ha med seg eit kolli. Traktoren må altså køyre etter på vegen, medan lastebilen tek med seg til dømes rundballepressa.

Me trur nytting av semitrailerar til å flytte landbruksreiskap rundt til alle teigar kan skape fleire trafikale problem og sikkerhetsutfordringar enn det løyser. Kva for eksempel med lasting og lossing av utstyret? Og kva med kostnadene forbunde med dette?

Kva har ei grense på 5 kilometer med trafikksikkerhet å gjere?

Flytt fokus til lys og merking

I staden for å etablere ein ny rigid "regel" om 5 km maks transportlengde, meiner me det må vere meir målretta med eit krafttak rundt merking, lys, varselblink, bremser, vekt, med meir.

I tillegg meiner me det er det viktig å ta opp korleis unngå farlege situasjonar ved kødanningar bak saktegåande landbrukstrafikk.

Situasjonen som nå er etablert ser me som så alvorlig med tanke på den nært føreståande sesongen, at me vil oppfordre bønder, landbruksentreprenørar og andre til å engasjere seg.

Jæren, 15. januar 2009.

Maskinstasjonforeningen Rogaland er i nyoppretta forening som har til hensikt å ivareta landbruksentreprenørene sine interesser.

Powered by Labrador CMS