reg-ill09

Årsverste

New Holland viser sviktande formkurve og slær følgje med John Deere nedover i oktober. Valtra er på hogget. MF siktar seg inn mot ein andreplass. Oktober er verste månaden i eit dårleg år.

Publisert

Det kan sjå ut til at alle går og ventar på glede og ferske vitaminar på Agroteknikk. Like fullt: Kombinasjonen av finanskrise, Stortingsval, dårleg vær og tida for ein venta syklisk nedgang gir dystre tal. Traktormarknaden til no i år er så langt tilbake med 32 prosent mot fjoråret. Ser vi siste 12 månader mot føregåande 12 månader er det ikkje fullt så ille: Berre 29 prosent nedgang. Oktober er verste månad til no i år, me stusselege 160 nyregistrerte.

Verre blir det ikkje

I alle fall ikkje i år. Nesten kvart år er desember den suverent beste traktormånaden, enkelt og greitt fordi at momsen du betaler på fakturaer i desember kjem tilbake i april, om du har standard momsoppgjer. November er også ein av dei beste månadane, same korleis året elles ser ut. Så det er ei trøyst: Frå no vil pila peike oppover, i alle fall i to månader.

Ned, ned, ned

John Deeres marknadsandel til no i år. Stipla line viser kor det går om utviklinga held fram.

Kan hende tykkjer du vi masar mykje om John Deeres nedtur. Vår meining er at same kven det er som vert utsett for slik ei brå endring i marknadsposisjon, oppover eller nedover, er tala verd et studium. Nedturen Deere held på med no, tok til i juni. Starten på året var ganske ordinær. Etter juni har pila peika beint nedover, utan pause. Held dette fram, vil John Deere vere under 20,0 prosent på statistikken for desember, og merket er ikkje langt unna å vere halvert på eitt år. Dette er alvorleg.

Ser vi på tala for oktober, er John Deere for første gong etter at Valtra skilde seg frå Felleskjøpet under 20 traktorar på ein månad. Det er under ein tredel av kva som har vore normalen dei seinare åra.

Har Valtra snudd?

Den finske traktoren har gått litt sånn ned og ned og opp og ned og ned og opp til no i år. I oktober peikar pila oppover. Det er ingen tvil om at alt Valtra-folket, og fleire til, har gått og venta på nye transmisjonar. No tar desse til å kome ut til kundane, så vi skal ikkje sjå bort frå at Versu og ikkje minst Direct gir Valtra eit godt hopp på slutten av året. I oktober er i alle fall Valtra klart størst, men vi er ikkje sikre på om dette er nok til å klatre høgare enn fjerdeplass før året er omme.

MF kan puste JD i nakken

I mange år har Massey Ferguson vore sikker på andreplass ved årsslutt, ikkje minst etter ein kraftig og årviss desemberspurt. Kva skjer i år? Forspranget til John Deere er rekordlåge 58 traktorar. Normalt vil ikkje MF klare å ta att det på to månader, men vi skal aldri seie aldri. Både i 2008 og 2007 var avstanden mellom dei to ved årsslutt 284 traktorar, og då er årets beste MF-månad medrekna. Gjennom eit tung traktorår har den raude franske tatt marknadsandelar og tapt mindre i tal traktorar enn både John Deere og Valtra.

New Holland konsoliderer?

Stadig er New Holland den av dei fire store som har falle minst frå i fjor til å år, men vi ser teikn til at også den blå merkar dei tunge tidene. Oktober er slett ingen toppmånad her heller, med like få nyregistrerte som John Deere. Skilnaden på dei to er at New Holland har bak seg eit høvesvis positivt år med sterk vekst i marknadsandelen. Då er det ikkje unaturleg om det kjem ein og annan månad med pustepause - sjølv om 19 traktorar ikkje er noko å heise flagget for.

Frå femteplass og nedover

Alle dei fire som ligg i sjiktet under teten har framgang i marknadsandelar. Fremst av desse er CaseIH, som er så godt som på fjorårsnivå i tal traktorar. Zetor har fått registrert 16 færre, mens Claas og Fendt ligg på det typiske nivået mellom 40 og 50 i minus. Der ligg også Deutz-Fahr og McCormick. For desse er tilbakegangen meir alvorleg, i og med at dei har eit svakare utgangspunkt.

Lyspunkta

Skal vi sjå på traktorar som klarer å få registert meir enn ti før året er omme, finn vi berre to som har ein auke i talet nyregistrerte. Det er JCB og Iseki. Begge er å rekne som nisjetraktorar, men fortener honnør for sine positive bidrag.

Powered by Labrador CMS