agroteknikk kø.jpg

AGROTEKNIKK: Rekord-besøk og stor stemning

Besøkstala for årets Agroteknikk slo alle tidlegare rekordar, og seminara var meir besøkte enn nokon gong før. Dette kombinert med god stemning både mellom utstillarane og publikum betyr at messa vart ein stor suksess.

Publisert

Framtida sto konstant i kø framom Ålø sin lastarsimulator.

Trass finanskrise-mas i media og stadig tronge tider for mange i landbruket, optimismen er ikkje død. Vi treng ikkje leite lenge for å finne satsingsvilje, investeringslyst og pågangsmot. Det er eit tydeleg signal om at mange i landbruket ser på seg sjølve som ei livskraftig næring, når 26 016 billettar vart selde til årets Agroteknikk. Framgangen frå tidlegare utstillingar er formidabel. Utstillinga i 2006 hadde 12 prosent fleire besøkande enn i 2003, og no har jammen det besøkstalet gått opp med nye 12 prosent frå 2006 til 2009.

Populære seminar

I tillegg til at det var mangt å sjå og lære ute i hallane, var det totalt 1540 tilhøyrarar på seminara. Denne gongen vart det satsa sterkare på seminarprogrammet enn tidlegare, noko som betalte seg i form av folk på stolane. Bedre Gardsdrifts foredrag fredag om traktor og trafikkreglar var av dei som trekte mange folk og vakte stort engasjement.

Her er lista over foredraga:

1 Bioenergi - den nye bondenæringen 250

2 Bygg med rundtømmer 220

3 Traktor og trafikkreglar 190

4 Nyhetskåringer 3 aks 115

5 Hva koster det å mekanisere løsdriftsfjøset 110

6 Hvordan skal jordbruket fø verden ? 95

7 Optimale maskinlinjer for husdyrgjødsel 95

8 Jordarbeiding i et varmere og våtere klima 80

9 Framtiden er her nu 65

10 Internasjonale trender i lbr.maskinbransjen 60

11 Boklansering Tun Forlag 60

12 Siste nytt om skattejus og regnskap 55

13 Sorts- og artsvalg i et varmere/våtere klima 50

14 Invester rett i samdrifter 50

15 Framtidas driftssystemer i eggproduksjon 45

Bedre Gardsdrifts foredrag om traktor og trafikkreglar er også etterspurd på lokale bondelagsmøte og liknande. Gjennomgangen under Agroteknikk dekte berre ein liten del av den komplekse problemstillinga. Representerer du nokon som har interesse av at vi skal kome til ditt område med foredraget, må du gjerne ta kontakt med Jogeir.

"
Powered by Labrador CMS