for langt

5-km: Dyrt og farleg

Femkilometersregelen et opp heile potten frå justeringsforhandlingane åleine, og det utan at det blir tryggare langs vegane. Bedre Gardsdrift har rekna og tenkt.

Publisert

Om femkilometersregelen blir ståande, og praktisert slik Vegdirektoratet ynskjer, vil den åleine ta heile potten frå dei nyss avslutta reguleringsforhandlingane.

Eit stort fleirtal av norske bønder har, eller leiger nokon som har, utstyr breiare enn 2,55 meter. Alle kornbønder er i den situasjonen. Dei aller fleste som har rundballar er det. Pluss svært mange andre. Såmaskiner, slåmaskiner, harver, presser, potetopptakarar... Lista over breitt utstyr er lang, fordi grensa på 2,55 meter ikkje finst hos maskinprodusentane.Behovet for å flytte slikt utstyr er sterkt aukande. Samdrifter, meir leigejord, meir leigekøyring, større driftseiningar. Alt saman i samsvar med politiske ønske om meir rasjonell drift og lågare kostnader.

Vi har henta inn tilbod sjølv, på transport av ei maskin til ein teig seks kilometer frå garden langs riksveg. 8000 kroner pr. år kom det på, den eine teigen med den eine maskina i to slåttar.Sjølvsagt finst det mange som kjem billegare frå det, men det finst også mange som må ut med veldig mykje meir, om regelen skal etterlevast. Vi trur såleis ikkje at det er mykje feil å rekne med ein snittkostnad på kr 10 000 pr. bruk. Med omlag 50 000 aktive bruk, har vi ein meirkostnad på 500 millionar kroner. Med andre ord same sum som det målprisane no skal aukast med, etter justeringsforhandlingane som skal kompensere for auka prisar på gjødsel og kraftfôr.

Argumentet for å krevje brei reiskap opp på lastebil er at det gir større trafikktryggleik. Rett nok finst det mange flinke folk i Vegdirektoratet, og vi i Bedre Gardsdrift er berre nokre enkle gutar ute frå bygda. Men vi vågar likevel å påstå at trafikktryggleiken blir dårlegare om reiskapen skal opp på lastebil stadig vekk.

Vår enkle logikk er som følgjer.

- Eitt køyrety på vegen er tryggare enn to køyrety på vegen.

- Ein køyrd kilometer er tryggare enn to køyrde kilometer.

Dette er ikkje vitskapleg, det er heilt sikkert ikkje aldeles rett, men det er i alle fall ikkje feil.

" Altså: Vegdirektoratet, Politiet, Trygg Trafikk, Bondelaget og TLIF krev gjennom si brosjyre at du, når brei reiskap skal flyttast, syter for at det køyrer to køyrety langs vegen, i staden for eitt. Traktoren køyrer åleine, mens reiskapen står på ein lastebil.Lastebilen har du neppe sjølv. Altså må den kome frå ein eller annan annan plass. I mitt eige tilfelle køyrer lastebilen 25 kilometer før den er ved gardsvegen. Så køyrer lastebilen og eg kvar våre seks kilometer, før lastebilen returnerer 31 kilometer tilbake etter at vi har lesst av reiskapen på ein vonleg trafikksikker plass. Når arbeidsøkta er slutt, har vi same køyringa ein gong til. 12 kilometer om eg kunne køyrd sjølv, mot 124+12 kilometer når ting skal gjerast på den trygge måten.

Og midt oppi alt dette bør vi tenkje litt miljø. Landbruksministeren sin politiske rådgivar er tidlegare leiar i Natur og Ungdom, og bistår sikkert meir enn gjerne i å kalkulere CO2-utsleppa denne ekstra køyringa fører til. Vi trur ikkje det talet blir pent, det heller.

Powered by Labrador CMS