reg-ill09
reg-ill09

1000 traktorar, akkurat

Registreringstalet for første kvartal er enkelt å hugse: Akkurat 1000. Det er nesten 250 traktorar svakare enn første kvartal i fjor, og største taparane er John Deere og Valtra.

Publisert

John Deere har tapt 106 traktorar frå same tid i fjor, og taper fire prosent marknadsandel. Marknadsleiaren går dermed tilbake vesentleg meir enn totalmarknaden. For tredje månad på rad er JD under 60 nyregistrerte på ein månad. Vi skal svært langt tilbake i tid for å finne så låge tal frå FKs traktor i fleire månader på rad. Dette bidrar også til at John Deere ligg på 824 nyregistrerte siste 12 månader, om enn med ein marknadsandel som er identisk med året 2006.

MF tilbake på andre

Også Massey Ferguson har vesentleg svakare tal enn til same tid i fjor, med eit fall på 48 traktorar. Det er ikkje langt unna den gjennomsnittlege tilbakegangen i marknaden. Med nesten like mange nyregistrerte i april som John Deere, klatrar A-K-sjef Gunnar Thoruds gamle flaggskip opp på andreplass. For dei siste 12 månadane er MF under 600 traktorar.

New Holland like bak

Med det er New Holland for første gong i år nede på tredjeplass, men marginane er små: Fem traktorar skil dei blå frå dei raude rivalane. Av landbrukstraktorane er New Holland eitt av tre merke som har framgang i talet nyregistrerte traktorar. Dei to andre er CaseIH og Fendt. Framgangen i marknadsandel er nesten like stor som John Deeres tap.

A-K største importør til no i år

Case IH, på sin velkjente femteplass, er med på å sikre A-K posisjonen landets største importør - ein einaste traktor framom Eik. Seks traktorar bak der finn vi felleskjøpa. Lantmännen ligg langt bak. Når det er sagt: Med framgangen den siste tida har New Holland tatt att Valtra i sum for siste 12 månader. Begge ligg på omlag 500 traktorar, 100 bak MF og 325 bak John Deere. Felleskjøpa er dessutan største traktorimportøren når vi tar med oss alle dei 12 siste månadane.

Valtra ramlar meir

Det skuldast at Valtra har rasa nedover, og fått registert 70 færre traktorar til no i år enn på same tid i fjor. Kvar einaste månad frå november i fjor til no har pila peika beint ned for Valtra. Den gongen vart det nyregistrert 56 traktorar. No snakkar vi om 18.April 2009 er ein historisk svak månad for Valtra, og for første gong er Valtra forbigått også av Claas på månadsstatistikken. Vi vil tippe at mange i Valtra-systemet håpar nye transmisjonar på N- og T-serien skal gi ny framdrift. Claas må nemnast i april: 21 traktorar er bestenotering så langt i år.

Stillstand i Drammen

HCP strevar med den varsla doblinga av marknadsandelen. Her snakkar vi heller om å bite seg fast. Zetor og Deutz-Fahr er nokre få traktorar tilbake, men ikkje meir enn at marknadsandelen er i pluss. Lamborghini er halvert, med sju traktorar til no i år mot 14 til same tid i fjor.

mcrmk

Eit anna merke som er halvert, er McCormick. Her er talet 27 første kvartal i år mot 53 i fjor, altså tilbake 26 traktorar. Siste 12 månader er resultatet 99 traktorar, som er halvparten av det gode året 2006.