mobiltestFWbg (1).jpg

Tøff test av solide mobilar

Livet til ein mobiltelefon kan vere kort og brutalt på ein gard. Farmers Weekly har brukt og misbrukt fire av dei mest robuste telefonane som finst, og heile testen av mobiltelefoner finn du her.

Publisert

Mobilen sprett rundt i traktorhytta, den bur saman med spikar i støvete lommer, og må tole både sidelengs regn og hender fulle av dyrisk fostervatn. Ramlar den ut av skjortelomma mens du står på toppen av skurtreskaren, ligg kanskje eit hardt betonggolv klar til å knuse innmaten.

Svaret på dette er sjølvsagt å kjøpe ein solid telefon som tåler juling. Men produsentane har vore overraskande seine med å komme med mobilar som tåler støv, vatn og hardhendt bruk. Nokia hadde modellane 5120 og 5140, som nærast er å rekne som den norske Bondetelefonen med stor B. Går vi enda lengre tilbake, minnest vi Ericssons haifinnetelefon, solid nok til å banke spikar om du gløymde att hammaren heime. No er alle desse ute av produksjon, og vi må leite etter andre alternativ.

Her er tøffingane For to år sidan, introduserte JCB sin Toughphone. Den er laga a Sonim, eit firma frå California som spesialiserer seg på solide mobiltelefonar. Det britiske firmaet Durrocomm lanserte sin LM801 på slutten av 2008.

Sonim kom sjølv sterkt på bana med ein endå tøffare og vasstett XP3 Enduro omlag på same tid. Til slutt annonserte den koreanske giganten Samsung at dei bytta ut Samsung Solid med den nye B2700.

Du har altså fire alternativ. Vi plukka med oss alle fire, for å gi dei litt kvardagsleg juling og nokre rundar skikkeleg bank.

Kva er ein solid telefon? Godt spørsmål. Generelt er det berre ein mobiltelefon med vanleg innmat, med eit kraftigare skal og diverse forsøk på å halde vatn og støv ute.

Dei fleste, utanom Samsung, har ei propp som passar over lade- og handsfreekontaktene. Ein membran over tastane skal halde vatnet ute frå den kanten.

Alle telefonane har kraftig ringelyd og høgt volum på høgtalaren, fordi produsentane veit at dei ofte blir brukt der det bråkar ein del, og kanskje også fordi enkelte av brukarane dermed er blitt ganske tunghøyrde.Telefonane har gjerne også ymse hjelpemiddel som lommelykt, kompass, altimeter og barometer. Den eine har til og med innebygd laser, truleg for å blende svoltne rovdyr.

Om du ønskjer ein telefon med MP3-spelar, kamera og internettilgang er utvalet heller lite. Berre Samsungtelefonen har alt dette. Dei andre telefonane er kort og godt telefonar, og ikkje så veldig mykje meir.

Med unntak av Samsungs luring, vil du og oppdage at skjermoppløysing, grafikk og operativsystem er greie, men gammaldagse. Spørsmålet er kor mykje meir du verkeleg treng.

Testen

Ein liten, men motivert gjeng frå Bedre Gardsdrifts kjære kollega Farmers Weekly tok med seg kvartetten ut på ein typisk gard på den engelske landsbygda for å sjå kor mykje juling telefonane tolte. Her er testane som vart utført, og resultata for kvar enkelt telefon.

1 Frysar Korleis vil telefonane klare seg etter ein dusj og så ein time i frysaren?

Durrocomm LM801: Ingen problem JCB Toughphone: Ingen problem Samsung B2700: Ingen problemSonim XP3 Enduro: Ingen problem

2 Ringevolum/høgtalarKor lett er det å høyre at telefoner ringjer (og stemma til den som ringjer) i ein New Holland T7050 som står og går med eit turtal på 1500? Durrocomm LM801: Høgast ringevolum, og lett å høyre den som ringjer JCB Toughphone: Ringevolumet stig jamt. Lett å høyre den som ringjer. Samsung B2700: Klart og tydelegSonim XP3 Enduro: Godt volum, men litt uklart prat (kanskje vi skrudde volumet for høgt?)

3 Store fingrarKorleis passar tastane til store fingrar? Durrocomm LM801 Gode tastar, men kanskje litt tett JCB Toughphone Skikkelege tastar og lett å bruke Samsung B2700 Har ikkje opphøga tastar. Må kanskje ty til naglane, men ok.Sonim XP3 Enduro God avstand mellom tastane

4 SkjermKorleis tåler skjermen 20 sekund med gneistar frå ein vinkelslipar på ein halvmeters avstand? Durrocomm LM801 Ingen skader JCB Toughphone Ingen skaderSamsung B2700 Ingen skaderSonim XP3 Enduro Enkelte merke

5 LommelyktKor kraftige er eigentleg lommelyktene som kjem standard på tre av telefonane? Durrocomm LM801 Så som så, men betre enn ingentingJCB Toughphone Har ikkje lommelykt Samsung B2700 Imponerande kraftig. Best av dei tre.Sonim XP3 Enduro Grei nok. Nest best.

6 VatnKor godt toler telefonane ein omgang med hageslangen? Durrocomm LM801 Ingen skader JCB Toughphone Ingen skaderSamsung B2700 Ingen skaderSonim XP3 Enduro Som å skvette vatn på gåsa. XP3 er den einaste telefonen som offisielt tåler å stå 30 minutt på ein meters djup.

7 FalltestKorleis tåler telefonane eit fall på 1,8 meter ned på hardpakka leire? Durrocomm LM801 Spratt harmlaust JCB Toughphone Ingen skader Samsung B2700 Ingen skaderSonim XP3 Enduro Fall? Kva fall?

8 Polaris styrketestOverkøyrd av ein 250 kg Polaris ATV. Ingen problem for desse telefonane. Durrocomm LM801 Gjørmete, men uskadd. JCB Toughphone Ein omgang med kluten så var alt normalt igjen Samsung B2700 Ingen problemSonim XP3 Enduro Ingen problem

9 Land Rover styrketestTåler telefonane å bli køyrd over av ein Land Rover på 1,7 tonn? Durrocomm LM801 Slo seg av, men kom til live igjen utan problem JCB Toughphone Slo seg også av, men null problem å slå den på att Samsung B2700 Ingen skaderSonim XP3 Enduro Ingen problem

10 Betongtest

Fire meter rett ned på betong. Enkelt og greitt. Durrocomm LM801 Tok knekken på skjermen for kompass, altimeter og barometer. Sjølve telefonen klarte seg fint. JCB Toughphone Tok knekken på skjermen, men telefonen fungerte framleis Samsung B2700 Ingen skaderSonim XP3 Enduro Ingen skader

Spesifikasjonane

Durrocomm LM801 Nykommar som liknar på begge Sonim og JCB-telefonane. Har ei tøff magnesiumramme som skal verne mot støyt. Har ekstrautsyr som altimeter (høgdemålar), kompass og termometer.

Samsung B2700 Fin å sjå på og kompakt i høve til resten av telefonane i testen. Erstatta Samsung Solid i byrjinga på 2009. God gummikjensle. Fleire funksjonar du ikkje får på andre telefonar, som til dømes 2 megapiksel kamera.

JCB Toughphone Ein av ringelydane er ein JCB traktorgravar. Mindre enn den nye XP3, og ganske kompakt og grei med gode tastar og eit enkelt operativsystem. Men manglar kamera, MP3-spelar og lommelykt.

Sonim XP3 EnduroI følgje produsenten den første masseproduserte telefonen i verda som tåler ein lengre tur under vatn. XP3 er den større, tøffare storebroren til XP1 (seld som JCB Toughphone). Vasstett ned til ein meter og tåler fall på to meter ned på betong. 3-års garanti, utan vilkår.

Det som står med lita skrift

Det er eit par ting du bør vere klar over når det gjeld desse testane

Sjølv om testane var så grundige og rettferdige som dei kunne bli var dei på ingen måte vitenskaplege. Ein telefon som blir køyrd over av ein Land Rover kan gjere det dårlegare enn ein annan telefon berre fordi dekket traff med ein litt anna vinkel. Det same gjeld når telefonen fell frå fire meters høgde. Det er tilfeldig korleis telefonen landar, og dette kan verke inn på resultatet.

Behandlinga telefonane fekk er noko meir hardhendt enn det produsentane hadde i tankane då dei laga telefonane. Tre av telefonane er for eksempel berre rekna som sprutsikre. Berre Sonim XP3 er rekna som vasstett i 30 minutt på ein meters djupne. Her fekk alle telefonane eit skikkeleg bad. Det er også ganske usannsynleg at produsentane såg for seg at telefonane skulle køyrast over med ein Land Rover. Kvifor vart telefonane utsett for ei slik behandling? For å finne ut kor mykje dei tåler og separere dei middels gode telefonane frå dei som verkeleg er gode.

Konklusjon

Er du på jakt etter det siste nye, med sofistikert grafikk og operativsystem, bør du styre unna desse telefonane. Vil du ha ein telefon du kan gløyme att ute i regnet, miste frå toppen av treskaren eller uheldigvis trakke på, så fungerer desse godt.

Kva telefon er best?

Den mest solide og vasstette telefonen er nok Sonim XP3, sjølv om den er dyr og stor.Vil du ha ein enkel og kompakt telefon er JCB-telefonen ideell.Ynskjer du MP3-spelar og rikeleg med ekstrautsyr kan Durrocomm-telefonen vere noko for deg. Samsung har det meste, med eit meir moderne operativsystem, og tålte alt vi utsette den for.

Vil du sjå meir frå testen, gå til Farmers Weeklys nettside. Der finn du både tekst på originalspråket, og ein video frå testinga.

Kor kjøpe den?

" JCB Toughphonewww.jcbtoughphone.com.Nettbutikk med norske prisar. Sender over ca. heile verda.

Sonim XP3 Endurowww.sonimxp3.com.Blir seld av Nordialog.

Durrocomm LM801www.durrocomm.com/ Nettbutikk. Sender over ca. heile verda.

Samsung B2700www.samsung.no Vert seld nær sagt hos alle som sel mobil, både i butikk og på nett.

Powered by Labrador CMS