Navarsete TRAKTOR
Navarsete TRAKTOR

Navarsete vil rydde i alle traktorreglane

Etter initiativ frå Bedre Gardsdrift, og basert på ei liste frå oss, har samferdsleminister Liv Signe Navarsete bestemt at ei gruppe skal gå gjennom alle relevante reglar for traktor i trafikken.

Publisert Sist oppdatert

Omfanget av problematikken var ukjent for ministeren.- Ingen har gitt ei slik samla framstilling før Bedre Gardsdrift kontakta oss. Det er bra de har gjort dette. Behovet landbruket har for ei opprydding i regelverket har ikkje vore tydeleggjort tidlegare. Gjennomgangen vi har fått frå Bedre Gardsdrift er ryddig og nyttig. Skal vi revidere regelverket, er vi avhengige av å vere kjent med kva som skaper problem, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete til Bedre Gardsdrift.

21. januar fekk Bedre Gardsdrift, etter lang tids arbeid, møte med landbruksminister Lars Peder Brekk og statssekretær Geir Pollestad i samferdsledepartementet. Bedre Gardsdrift bad også om å få møte Navarsete, men ho var i utlandet på dette tidspunktet. Etter møtet har ho fått referert emna vi gjekk gjennom frå statssekretæren sin, og Bedre Gardsdrift har vore i direkte kontakt med Navarsete pr. telefon.

- Gruppa eg har sett ned for å gå gjennom regelverket knytt til køyring med breitt landbruksutstyr, vil også få til oppgåve å sjå på kva andre reglar vi må rydde i. Eg ser heilt klart behovet for ein slik gjennomgang, og eg meiner at det er viktig at det ligg politiske føringar bak korleis vi ynskjer at regelverket skal fungere. Nokre reglar vil det vere enkelt å endre på eller gi oppklaringar på. Andre reglar er det verre å gjere noko med. Dette ser vi først når vi veit kva som er problemet, seier Navarsete til Bedre Gardsdrift.

Her finn du ein oversikt over kva reglar Bedre Gardsdrift har nemnt for departementa. Her er brevet som er utgangspunktet for møtet vårt.

"