jaget vilt-n
jaget vilt-n

Lista over aktuelle traktorreglar

Bedre Gardsdrifts sakliste for møtet med samferdsledepartementet og landbruks- og matdepartementet omfatta langt meir enn berre femkilometersregelen.

Publisert

Bedre Gardsdrift meiner det er behov for ein grundig gjennomgang av reglar som gjeld landbruksmaskiner på vegen. På same tid understreka vi i møtet at landbruket må vere sikra at ein slik gjennomgang blir utført av folk som forstår kva det er snakk om. Det finst mange flinke folk i Vegdirektoratet, men kunnskap om landbruksmaskiner er der lite av.

Landbruksministeren og statssekretæren frå samferdsledepartementet var begge godt kjent med at femkilometersregelen skaper problem for bøndene. Brekk er likevel overraska over Bedre Gardsdrifts presentasjon av kor mange reglar som strengt tatt ikkje er meint på traktor, men som dels utilsikta er blitt gjeldande for traktor- Dette må vi ta tak i. Eg ser det no, at her er eit stort arbeid som må gjerast, sa landbruksministeren til Bedre Gardsdrift under møtet 21. januar.- Pass berre godt på at det er med folk som verkeleg har kunnskap om traktor og landbruk i ein slik gjennomgang, bad Bedre Gardsdrift dei to frå den politiske toppleiinga.

Etter møtet har vi også drøfta problemstillingane direkte med samferdsleministeren. Heller ikkje Navarsete var klar over omfanget av det uryddige traktorregelverket, og vil straks sette i gang ein gjennomgang for å rydde opp. Les meir frå samtalen vår med Navarsete her.

Her er emna Bedre Gardsdrift tok opp i møtet med den politiske toppleiinga i landbruks- og matdepartementet og samferdsledepartementet.

Brevet som er utganspunkt for møtet finn du her.

"

Reglar for tilhengarvekt Den populært kalla 1,5-regelen krev at summen av aksellast på tilhengaren ikkje kan vere over 1,5 gongar aksellastene på trekkvogna, i vårt tilfelle traktoren. I tillegg har vi ein effektregel som seier at vogntoget maksimalt kan vege eitt tonn pr. 7 hk.

Bedre Gardsdrifts meining Dette er reglar laga for lastebil, og dei gir urimelege utslag på traktor i normal fart. 1,5-regelen er for å hindre at hengaren tar makta frå trekkvogna. Rørsleenergien til ein tilhengar i 80 km/h er fire gongar så stor som i 40 km/h. Effektregelen skal hindre at lastebilen skaper unødig kø under vanleg køyring. Ein traktor vil alltid skape kø i normal trafikk, så her har regelen inga meining.

Førarkortopplæring og informasjon Læremateriellet for traktorførarkort er mildt sagt dårleg. Informasjonen til bøndene frå styresmaktene om kva reglar som gjeld er i same klasse.

Bedre Gardsdrifts meiningDet er ikkje rett å forvente at dei som køyrer landbruksmaskiner skal vere kjent med alt av reglar og krav, når dei aldri har hatt høve til å ta til seg denne informasjonen.Kommunikasjonen frå styresmaktene må bli betre, og kvaliteten på opplæringa av dei som skal køyre traktor må hevast.

Tilhengar til spesialtransportVegvesenets kontrollørar nektar i fleire konkrete døme bønder å bruke maskintralle til å køyre gravemaskiner og annan spesialtransport, trass i at styresmaktene oppmodar bøndene til å satse på alternative inntekter og betre utnytting av maskinene på garden. Traktor med maskintralle er dessutan skikka til å køyre i terreng og på vegar som lastebil med maskintralle ikkje klarer.

Konkurransesituasjonen til lastebilSaman med Transportmagasinet har Bedre Gardsdrift dokumentert at traktoren ikkje er nokon konkurrent til lastebilen ved ordinær transportkøyring på veg, og tala er tydelege. Dette er ikkje kjent for alle.

Transport eller forflytning?Samdrifter gir auka behov for transport av til dømes husdyrgjødsel langs veg frå lager til lager, med vogner breiare enn 2,55. I dei fleste område av landet finst ikkje eigna bil til slik køyring, men likevel blir bønder stoppa med krav om at slik køyring med traktor blir stogga.

Fartsskrivar på traktor Det er ikkje krav til fartsskrivar på traktor, men kvart år blir fleire traktorførarar pålagt å montere slik. Det skjer trass i at det i EU, der forskrifta har sitt utspring, ikkje finst fartsskrivarar til traktor. Dei som har prøvd å montere skrivar her i landet, får også høyre frå biltilsynet at traktoren ikkje er utstyrt slik at det lar seg gjere å montere skrivar utan svært stor kostnad.

Periodisk køyretykontroll på traktor Statssekretær Geir Pollestad i Samferdsledepartementet fortalde at departementet har vurdert periodisk køyretykontroll på traktor, og konkludert med at det ikkje vil bli innført.

Bedre Gardsdrift har også lista opp desse emna, som ting vi meiner det er grunn til å ta tak i- Førarkortreglane og 50 km/h-traktorane- Lys og lysbruk- Kjetting og piggdekk- Forbod mot traktor gjennom skiltbruk- Ein eller to tilhengarar, slept reiskap med fleire ledd- "Farleg reiskap", særleg frontreiskap - Typegodkjenningsrutiner

Har du kjennskap til fleire reglar som bør nemnast i denne samanhengen, ta straks kontakt med oss!