reg-ill09

Knallstart for New Holland og A-K

Med 75 nyregistrerte traktorar er New Holland størst i årets første månad, mens John Deere berre er halvparten så bra som januar 2008. Totalmarknaden er drygt sju prosent dårlegare enn i januar i fjor.  

Publisert

A-K maskiner kan smile med begge munnvikane: På statistikken finn vi to merke med solid framgang. Best er New Holland, fram 30 traktorar målt mot same tid i fjor. Nesten like bra er CaseIH, fram 26 traktorar frå fem i januar 2008. Dette gir A-K ein marknadsandel på 31,7 prosent.

Dei tre felleskjøpa har til saman 20,7 prosent, mens Eik kjem like bak med 19,2. Taparen i januar er Lantmännen maskin, med 15,6 prosent.Valtra er tydelegvis ikkje i like god form i januar som på slutten av fjoråret, og Claas held fram med veike resultat.

Verst er det likevel for John Deere, om vi ser på denne månaden åleine. Førre januar var kjempebra, med 136 traktorar. Siste januar vart ei halvering.

Siste 12 månaderVi skal aldri la oss øse opp alt for mykje av ein enkelt månad. Særleg ikkje kring årsskiftet, då er det mykje rart som spelar inn. Difor, som alltid, finn du Bedre Gardsdrifts oppsummering for dei siste 12 månadane lengst nede i artikkelen, saman med tal for heile 2008 og heile 2007.

Her er framleis John Deere på topp, men vi ser trenden: Hjorten er inne i tyngre terreng no enn for nokre år sidan. Det gjeld både i tal traktorar og i marknadsandel.

For MF og Valtra er ikkje utslaga spesielt store.New Holland gjer eit lite hopp. Det er ikkje rart, for 75 traktorar i januar er 20 traktorar betre enn beste månad i 2008, og nær det dobbelte av gjennomsnittet for 2008, som er 40.

Det same kan seiast om CaseIH: Marknadsandelen siste 12 månader er no 5,8 prosent, mot til 4,0 i 2007.

Elles er det ikkje dei store tinga som skjer på landbrukstraktorane. Holder har fått eit godt grep om spesialtraktormarknaden, og er no større enn Landini.

Nytt tabelloppsettVed første augekast ser det kan hende meir rotete ut, men vi trur det nye oppsettet på hovudtabellen vår lettare lar deg sjå kva som skjer.

Startar vi frå venstre mot høgre, er dei første kolonnene som før: Plassering (basert på kor mange merket har fått registrert til no i år), merke, registrerte traktorar siste månad og marknadsandel siste månad.

Deretter kjem det nye: I kolonna Til no i år kjem først talet som viser kor mange registrerte merket har så langt i år. I parentes ser du endringa frå same månad i fjor. Deretter, i blå skrift, kjem marknadsandel til no i år og likeins endringa i høve til marknadsandelen så langt i fjor.

Vi tar gjerne imot kommentarar og innspel til statistikken vår. Korleis den kan bli betre, lettare å lese og så vidare.

Powered by Labrador CMS