MF5455 og Pöttinger Profi lessevogn

Ikkje årsavgift over 7500 kg

Har traktoren din tillatt totalvekt på 7500 kg eller meir, er du fritatt frå årsavgifta. Likevel opplever Tollregion Oslo og Akershus at mange bønder på eige initiativ betaler for desse.

Publisert

For traktorar skal det betalast årsavgift dersom traktoren er registrert, og har tillatt totalvekt mindre enn 7500 kg. Det betyr at svært mange nye traktorar, og storparten av traktorbestanden med meir enn 100 hestar under panseret, går fri.

I det gjeldande Stortingsvedtaket er følgjande definisjon brukt, for alle køyretygrupper: (...)innenlandsregistrerte motorvogner med tillatt totalvekt mindre enn 7 500 kg (...)

I klartekst betyr dette at traktorar med tillatt totalvekt på inntil 7499 kg skal betale årsavgifta, mens traktorar med talet 7500 i vognkortet er unntatt.

- Motorvogner på 7500 kg eller meir fell den inn under reglane for vektårsavgift. Stortinget har vedtatt at traktorar skal vere fritatt frå slik avgift, seier Kathinka Fjærli, rådgjevar i Toll- og avgiftsdirektoratet, til Bedre Gardsdrift.

Årsavgifta for traktor er i år på kr 390, og skal betalast innan 20. mars. Dersom du har ein traktor som kvalifiserer for å betale årsavgift, og du ikkje har mottatt krav i posten, er det lurt å sjekke om du skal betale. Enklaste måten er å sjå i vognkortet. Der står tillatt totalvekt i ein eigen rubrikk. Det er nemleg di plikt å syte for at avgift som skal betalast blir betalt.Denne plikta er nok også grunnen til at mange bønder betaler for traktorar med tillatt totalvekt over 7500 kg, noko dei altså ikkje skal gjere. Har du betalt for mykje, får du pengane tilbake.

Årsavgifta for traktor vart innført i 2004. Den gongen gjekk skiljet mellom årsavgift og vektårsavgift ved 12 tonn tillatt totalvekt. Den grensa vart endra til 7500 kg frå 1. januar 2006. Dette er truleg noko av grunnen til at enkelte bønder framleis trur dei må betale for alle traktorane på garden. Før 2006 var det levert særs få traktorar her i landet med tillatt totalvekt over grensa.

Slik slår dette ut på nye traktorar, for å vise kven som er i grenseland:Massey Fergusons 5400-serie, Fendt 300 Vario, Claas Axos og Deutz-Fahr Agrotron K er døme på traktorar der også dei minste modellane er over grensa. Valtra A-serie, John Deere 5020, Zetor Proxima og New Holland T5000 har alle tillatt totalvekt under 7500 kg, og må difor betale.

Vil du ha ein fullstendig oversikt, kan du sjekke traktoroversikten vår her.

"
Powered by Labrador CMS