nh t6040 elite v et

Dette er premien - Vinn ein traktor i 30 dagar

T 6040 Elite er den nest mest populære modellen frå New Holland. Den har firesylindra motor med 122 nominelle hk og maksimalt 145 hk. Vi deler også ut to tillegspremiar, som er to sett med personleg verneutstyr til ein verdi på kring 1500 kroner.

Publisert

Transmisjonen på New Holland T6040 Elite har automatiserte hurtiggir og redusert turtal i toppfart. Alle gir blir betjent frå køyrespaken. Løftekrafta er 7700 daN, og hydraulikken er lastkjennande med 113 l/min og fire elektrisk betjente og programmerbare hydraulikkventilar. Hytta har fjøring som standard.

Traktoren blir levert med Trima 3+ frontlastar, og det følgjer også med eit hydraulisk toppstag. Med andre ord ein traktor klar til bruk. Utstyrt som premietraktoren er listeprisen kroner 690 000 + mva.

Om du vinn, får du traktoren til fri disposisjon i 30 dagar i vår- eller slåttonna no i 2009. Tidspunkt blir avtalt direkte med vinnaren. Du vil også få ei innføring i bruk av traktoren. Einaste kostnaden du har, er diesel, dagleg vedlikehald og eventuell eigenandel ved forsikringsskade. Premien er sponsa av A-K maskiner.

Vi deler også ut to tillegspremiar, som er to sett med personleg verneutstyr til ein verdi på kring 1500 kroner.

Powered by Labrador CMS