Brev til landbruksministeren og samferdsleministeren

Dette brevet er grunnlaget for møtet Bedre Gardsdrift hadde med landbruksministeren og statssekretær Pollestad frå Samferdsledepartementet 21. januar. Brevet og møtet er bakgrunnen for den samla gjennomgangen som no vil kome for alt regelverk knytt til landbruksmaskiner på vegen.

Publisert Sist oppdatert

Januar 2009

Samferdsleminister

Landbruksminister

Traktorar/landbruksmaskiner og trafikkreglar

Bedre Gardsdrift er Norges største, og einaste frittståande, landbruksfagblad. Bladets redaksjon har arbeidd aktivt med emnet landbruksmaskiner og trafikkreglar sidan 2001, i nær kontakt med bønder og maskinførarar.

Bedre Gardsdrift har nær kjennskap til maskiner og landbruk. Vi har dokumentert konkurranseforholdet mellom traktor og lastebil, vi har laga eit fritt tilgjengeleg verktøy for å rekne ut lovleg nyttelast på traktorhengar, og vi gir stadig informasjon om regelverk og utslag av dette gjennom artiklar, foredrag og direkte førespurnader. Bladets redaksjon arbeider aktivt for å utvide kunnskapsbasen og for å få forståing for landbrukets behov, samtidig som vi peikar på område der vi meiner at landbruket må bli betre. Vi tør påstå at Bedre Gardsdrifts redaksjon er eit av fagmiljøa med størst kunnskap om emnet i landet.

Til no er vår erfaring at Bedre Gardsdrift evnar å sjå heilskapen i problemkomplekset. Vi er i utgangspunktet upartiske, på same tid som vi har forståing for- og kunnskap om situasjonen dei som nyttar slike maskiner er i.

Vi meiner såleis at vi har noko å bidra med, ikkje minst no som engasjementet kring emnet er sterkt stigande, særleg på grasrotnivå.

Formål med kontakten med ministrane

- Gi informasjon om situasjonen

- Under møte med landbruksminister og statssekretær for samferdsledepartementet konkretisere, eksemplifisere og talfeste emne nemnde under

- Få vite i kva grad problemkomplekset er kjent for politisk leiing i dei to relevante departementa

- Få tilbakemelding på kva styresmaktene gjer og vil gjere på kort og lang sikt

Bakgrunn

Trafikkreglane er blitt ein viktig del av landbrukets rammevilkår, utan at det finst politisk styring, og ofte utan at det er meint slik.

Regelverket manglar heilskap og er i mange høve ikkje meint for traktor, sjølv om det blir brukt på traktor.

Store delar av regelverket er meint på maskiner og driftsmåtar for perioden ca 1950 til utpå 80-talet

Særleg siste tiåret har landbruket endra seg dramatisk, både med omsyn til struktur, mekanisering og eigenskapane til maskinene. Dette gir auka behov for ferdsel på veg (samdrifter, nye system for kornmottak, meir leigekøyring, krav til effektivisering, meir kostbar reiskap osv). Regelverket er lite endra i denne perioden.

Interessekonflikt mellom til dømes behovet for stor reiskap, krav til dekk av omsyn til jordpakkingsfaren, og omsynet til trafikktryggleiken.

Landbruksmaskiner har som primærfunksjon å utføre arbeid utanfor veg, samstundes som det både frå bønder og samfunn er ynskje og krav om at maskinene skal kunne oppsøkje ulike stader for å utføre arbeid.

Reglar blir tolka svært ulikt frå distrikt til distrikt, og frå person til person. Ein politimann seier OK, den neste gir kr 4000 bot.

Brått blir ei sovande tolking av ein regel vekt til live av ein kontrollør, slik at traktorførarar som støtt har trudd at dei har ferdast lovleg får bot og køyreforbod, utan forvarsel.

Offentlege tenestemenn klarer ikkje å svare på spørsmål, og gir motstridande svar

Traktorførarane strevar med å tolke reglane, til liks med vegstyresmaktene og politiet

Styresmaktene gir ingen informasjon til landbruket ved regelendringar eller oppliving av sovande regelverk.

Før jul publiserte Norges Bondelag, Traktor- og landbruksmaskinimportørenes Forening (TLIF), Statens Vegvesen, Politiet og Trygg Trafikk brosjyra Vis trafikkvett på traktoren. Trass i at denne er laga i god meining, skaper den store problemgrunna ei kontroversiell tolking av regelverket for brei transport ("femkilometersregelen"), og ein feil om bruk av følgebil ved køyring med skurtreskar. Om brosjyra blir ståande, skaper det alvorlege problem for ordinær gardsdrift over heile landet.

Ved kontakt med Vegdirektoratet opplever vi direkte motstand mot traktor, og det er døme på at tilsette i direktoratet meiner at det bør vere totalforbod mot landbruksmaskiner i trafikken, med høve for dispensasjon. Det herskar også ei uriktig oppfatning av at traktoren er ein reell konkurrent til lastebilen i massetransport, både i Vegdirektoratet og i enkelte interesseorganisasjonar.

Spørsmål

1

Er ministrane kjende med tilstanden til- og effekten av regelverket som gjeld for landbruksmaskiner i trafikken, og den svært sprikande praktiseringa av dette?

2

Det er akutt behov for ei oppklarande tolking av landbrukets generelle dispensasjon for køyring med brei reiskap i Forskrift om bruk av kjøretøy, §5-4d:

Forflytting av landbruksmaskin over kortere vegstrekning som ledd i vanlig bruk. Største bredde må ikke overstige 3,50 m. (...)

Dette er omtala som femkilometersregelen. Talet fem kilometer var i si tid brukt som eit døme i ei lokal brosjyre i Trøndelag, er seinare blitt brukt som ei fast grense av vegvesenet på Jæren, og er no sist fastslått i brosjyra frå vegvesenet, politiet, Norges Bondelag, TLIF og Trygg Trafikk.

Konsekvensen av ei slik tolking, er at nær sagt all køyring langs veg, særleg i samband med drift av leigejord og ved køyring for andre, blir stoppa. Vegvesenet hevdar at reiskapen må over på lastebil. Det gir særs store ekstrakostnader, der kvar maskinflytting kan kome på eit par tusen kroner i lastebilkostnad. For kvar onn kan flyttekostnaden kome på eit femsifra beløp pr. driftseining. For mange husdyrprodusentar vil det løne seg å kjøpe grovfôr eller kraftfôr levert heime i tunet, mot å halde fram drifta av areal få kilometer unna. Mykje jord vil bli liggande brakk om denne tolkinga står ved lag. Regelen gir problem for store og små bønder over heile landet, og råkar eit stort fleirtal av norske gardar. Det skal også nemnast at avstanden mellom driftssenter i samdrift maksimalt kan vere 17 kilometer, og at ei praktisering av fem kilometer som maksimal avstand vil gi veldig mykje større trafikkbelastning og miljøutslepp på vegstrekninga.

Vil landbruksministeren og samferdsleministeren gripe inn, slik at denne "femkilometersgrensa" blir utvida til ein meir høveleg avstand, og kan dette skje før våronna?

3

Problemstillingane skisserte over, saman med lista over aktuelle reglar og emne i vedlegget, meiner vi dokumenterer eit stort behov for ein gjennomgripande revisjon av alt regelverk knytt til landbruksmaskiner og trafikk.

Vil ministrane ta initiativ til ein slik gjennomgang?

I så fall

- kan ministrane garantere at behova til landbruket og andre med traktoren som arbeidsreiskap blir ivaretatt på ein god måte?

- kva tidsperspektiv vil det vere på dette arbeidet?

- vil landbruket og andre som nyttar traktoren i næring vere sikra deltaking i prosessen ved at personar med landbruksteknisk og -fagleg kompetanse blir engasjert i arbeidet?

Venleg helsing

Jogeir M. Agjeld

journalist

Bedre Gardsdrift

Vedlegg

Aktuelle reglar og emne med uklart/underleg/ikkje tidsmessig/ikkje tilpassa innhald

- Køyreavstand ved overbreidde

- Om traktoren kan ha overbreidde

- Transport eller forflyttning ved overbreidde

- Bruk av maskintralle for spesialtransport på traktor.

- Tal kolli ved spesialtransport.

- Tilhengarvekt - 1,5-vektregel, effektregel

- Førarkortforskrifta og 50 km/h-traktorane

- Fartsskrivar i traktor

- Ein eller to tilhengarar, slept reiskap med fleire ledd

- "Farleg reiskap", særleg frontreiskap

- Kjetting og piggdekk

- Krav til merking og lys på traktor og reiskap

- Registreringsplikt

- Forbod mot traktor gjennom skiltbruk

- Typegodkjenningsreglar

- Bremsekrav tilhengar

- Kvalitet på læremateriell ved førarkortopplæringa

- Opplæring av køyreskulelærarar

- Informasjon frå Vegdirektoratet

"