ambulanse playmobil

Ulukker med traktor

Den siste tida har det vore fleire trafikkulukker der det har vore ein traktor i nærområdet, i fleire av tilfella med skadde bilførarar som resultat.

Publisert

Når bil møter traktor, er det oftast bilføraren det går ut over.

Her er ein gjennomgang av trafikk- og arbeidsulukker der traktor, og i eitt tilfelle ein rundball, har vore meir eller mindre involvert. Hendingane er frå november, og omtalt i lokalmedia. Til alt hell har det heller ikkje denne månaden vore dødsulukker med traktor.

Kom over i motgåande felt, møtte traktor

På Ølen nær Haugesund vart ein 48 år gammal mann skadd, då bilen hans kom for langt over i motsett køyrefelt. Der kom ein traktor med frontlastar og skuff. Sida på bilen vart kraftig ramponert då den trefte skuffa, og bilføraren fekk indre skader. Traktorføraren kom uskadd frå hendinga, melder Haugesunds avis.

Møtte traktor på hovudvegen

På Leknes i Lofoten vart ein personbil hardt medfaren etter møte med ein traktor. Lofotposten melder at bilen trefte traktoren då bilen kom ut på riksvegen frå området ved ein kiosk. Bilen vart skuva inn i enden på autovernet, og fekk store materielle skader. Bilføraren fekk ikkje skader.

Lofotposten har ingen opplysningar om traktor eller traktorførar.

Prøvde å køyre forbi

På Skulestadmo nær Voss hadde ein 44 år gammal mann englevakt og brakk berre ein arm, etter at eit forbikøyringsforsøk gjekk aldeles gale. Han var i ferd med å køyre forbi ein annan personbil, som låg bak ein traktor, då han krasja med ein tredje bil som svinga av vegen. Han mista dermed kontrollen, og fekk autovernet tredd gjennom heile bilen på langs, melder avisene Hordaland og BT.

Traktor og lastebil

På E136 i Lesja var det ein samanstøyt mellom ein lokal traktor og ein lastebil frå Estland. Det vart ikkje personskade i ulukka. Avisa GD har ingen fleire detaljar.

Rullande rundball mot bil

Ragna Opdal i Leksvik ved Trondheimsfjorden fekk bulk i bilen då ein rundball kom trillende på sjølvstyr.

– Rundballen kom rullande 70-80 meter nedover ein bakke, rulla over vegen og inn i to bilar som begge vart skadde, fortel Ragna til Fosna-Folket. Rundballen har mest truleg berre ligge i ei helling og brått tatt til å trille av seg sjølv.

Sigla på glatta

Ein Tromsø-familie vart heller forstøkte då ein traktortilhengar brått landa opp-ned på gardsplassen. Traktoren var på veg opp ein bakke i byggefeltet då den tok til å skli baklengs. Hengaren, med 3,5 tonn steinheller, losna frå trekkroken før den landa med hjula i veret nede på tunet. Traktorføraren lova å kome tilbake til våren og rydde opp eventuelle skader på tunet.

Skadd av trillande traktor

Ein mann på Gjemnes på Nordmøre vart sendt til sjukehus med brotskadar i skuldra, melder Tidens Krav. Han jobba med å laste material i ein tilhengar då traktoren tok til å trille. I forsøk på å klatre opp i traktoren og stoppe den fall han, og fekk armen under eine hjulet.

Til legesjekk

Brønnøysund Avis fortel at to barn og ein vaksen vart sende til legesjekk etter ein kollisjon mellom ein personbil og ein traktor. Føraren av personbilen hadde kanskje brot i ei skulder. Også traktorføraren vart sendt til legesjekk, men var mest truleg skadefri. Grunnen til ulukka er ikkje kjent.

Powered by Labrador CMS