lindner.jpg

Traktoroversikten er oppdatert!

No er traktorane for 2010 lagt til Bedre Gardsdrifts unike traktoroversikt på nett. Omlag 500 nye traktorar kjem i tillegg til dei som ligg der frå før.

Publisert

I lange tider har Bedre Gardsdrift hatt ein svært populær, men enkel traktoroversikt i bladet. Årets utgåve er å finne i BG nr. 9.

Dei siste åra har vi i tillegg presentert landets mest komplette traktoroversikt på nett. Ikkje berre det: Nettversjonen er slik at du kan søke, sortere og rangere traktorane akkurat som du vil. Ei teknisk heilt unik løysing, som kvart år blir oppdatert med det siste av tekniske data og prisar. Alle informasjonar er leverte av importørane.

Nok snakk, vil du fordjupe deg i traktorar er det ein plass å gå, og det er hit!

Finn du noko vi må korrigere, er det fint om du tar kontakt. Vi har sjekka opplysningane etter beste evne, men her er lagt til 31200 nye celler med data, så feil kan ha blitt oversett.

"

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS