kuhn slåmaskin brei merking.jpg

No bestemmer politikarane breidda

Høyringsrunden for breiddereglane er avslutta. No er det opp til politikarane å kome fram til ei dugande ordning. Mest truleg kjem endringane i løpet av 2010.

Publisert

Kan vi håpe på tenelege reglar i 2010?

Rapporten, som gjeld landbruksmaskiner mellom 2,55 og 3,5 meter, har vore ute på høyring i seks veker. Over nyttår går politikarane for alvor i gang med å behandle innspela.Innhaldet i rapporten er grundig omtalt i Bedre Gardsdrift og her på gardsdrift.no tidlegare, men i korte trekk kan vi oppsummere dette:- Avstandsgrensa blir oppheva - Krav til merking - Gjødselvogn, tvillinghjul og breidekk får tenelege ordningar - Fleirtalet vil ha følgebil frå 3,0 meter, og fartsgrense 30 km/h og forbod mot køyring i rushtid for utstyr breiare enn 2,55 meter. Landbruket seier nei til alt dette.Høyringsinnspela frå dei som har tatt del i arbeidet med rapporten samsvarer i alle vesentlege moment med kva dei meinte då rapporten vart laga.I tillegg til dei som har deltatt i arbeidsgruppa, er det kome innspel frå desse: - Bedre Gardsdrift - Bygdeservice Norge - Maskinstasjonsforeninga i Rogaland- Statens havarikommisjon for transport

Det mest omfattande svaret er levert av Bedre Gardsdrift, som denne gongen står på lista over offisielle høyringsinstansar. Forutan at vi stiller oss bak framlegga frå TLIF og Bondelaget, går vi djupare inn i ulukkesproblematikken enn det som er gjort i rapporten. Mellom anna har vi skaffa fram informasjon som viser at det er særs få ulukker knytt til køyring med breitt utstyr, og at dei ulukkene som skjer skuldast for dårleg merking. Vi har sett opp ein brei argumentasjon mot 30 km/h-kravet. Vidare stiller vi spørsmål ved relevansen i fleirtalets stadige påstandar om at landbruksmaskiner bryt trafikkreglane, og vi peikar på at breie landbruksmaskiner ikkje er noko trugsmål mot andre næringar - berre for å nemne noko av kva vi har nemnt i vårt 11 sider lange høyringssvar. Du finn alle høyringsinnspela hos Samferdsledepartementet, på denne nettsida.

"
Powered by Labrador CMS