Trinnløs_07 dieselpumpe

Kvifor er ikkje dieselforbruket testa?

Visst kunne vi målt dieselforbruket i trinnlaustesten, men det ville vore å drive ap med lesarane våre. Vår vurdering er at ingen tal er betre enn feil tal.

Publisert

Dieselforbruket vert viktigare og viktigare å ta omsyn til, særleg ved val av traktorar i denne klassen. Vi skulle gjerne også gitt det svaret, men då måtte abonnementsprisen på Bedre Gardsdrift vore vesentleg høgare.

Måling av dieselforbruk er en omstendelig og nøyaktig prosess.

Vi trur på PowerMix

Det å måle dieselforbruk er ingen enkel jobb, og risikoen for feil er svært stor. Det blir da også understreka av at Europas fremste testsenter for traktorar, DLG, som måler drivstofforbruket i våre ordinære traktortestar, først i haust har kome fram til ei brukbar ordning for å måle dieselforbruk i transport. Dette er ein del av den såkalla PowerMix-målinga, som etter vårt syn er den mest truverdige forbruksmålinga på traktorar, kanskje også den einaste som verkeleg kan gi ein realistisk peikepinn om kva traktoren brukar. Motorfabrikkantens verdiar for gram pr. kWh betyr strengt tatt lite. Det er forbruket i høve til nyttbar effekt på drivhjul, kraftuttak og frå hydraulikken som betyr noko for deg.

Klargjøring for test.

A mot B i transport

Å måle dieselforbruket på traktor A mot traktor B er ei svært krevjande oppgåve, om svaret skal vere brukbart til nokon ting som helst. Berre for å nemne nokre faktorar som må vere oppfylte, ved ein test av forbruket i transportkøyring:

- Traktorane må ha så lik effekt som mogeleg.

- Dei må ha identiske dekk og identisk lufttrykk, og dei må ha identiske tilhengarar med nøyaktig lik totalvekt og same slag dekk med likt lufttrykk.

- Dei må køyrast fleire rundar i testløypa, der det vert veksla på sjåførane, slik at det er traktoren og ikkje føraren som blir målt.

- Om traktoren på noko vis blir hindra i testløypa, må den runden anullerast.

- Vert traktor A køyrd når det er kaldt og tørt ver og traktor B når det er varmt og rått, vil resultatet bli påvirka.

Forbruk i arbeid

Å måle forbruket i anna arbeid er enda verre, om vi ikkje kan gjere som DLG, og bygge opp eit eige mobilt testlaboratorium i form av ein lastebil som simulerer belastninga ved ulike arbeidsoppgåver under køyring under kontrollerte forhold på bane eller i testbenk.

Trinnløse traktorer i kraftuttaksarbeid.

Heller ikkje målt på lastebil

Det kan også nemnast at når eit seriøst blad som Transportmagasinet testar lastebilar, oppgir heller ikkje dei dieselforbruket. Trass i at forbruket er ein enda viktigare faktor på lastebil enn på traktor. Grunnen er enkel: Truverdige forbrukstal er for vanskelege å få fram.

Målbart, men krevjande

Dette betyr ikkje at eigne testar av drivstofforbruk er heilt uråd å få til. For nokre år sidan gjennomførte vi, saman med Transportmagasinet, den store samanlikningstesten av dieselforbruk og effektivitet på lastebil mot traktor mot JCB. Den testen står vi heilt og fullt inne for. Utan å gå for djupt inn på korleis testen vart gjennomført, kan vi nemne såpass som at den la beslag på vel eit halvt månadsverk i arbeidstid, og diesel for eit par titals tusen kroner. Det er nivået vi snakkar om, for tre køyrety der einaste målet med testen var å indikere skilnaden i forbruk ved ei spesifik oppgåve. I trinnlaustesten har vi åtte køyrety, som blir brukte til langt meir enn rein transportkøyring.

For viktig til å villeie

Vi kunne gjerne notert oss kva forbruk trinnlaustraktorane hadde i testperioden, men det talet ville vore meir feil enn rett. Det som står i Bedre Gardsdrift skal vere til å stole på, så difor gir vi deg ikkje noko forbrukstal. Likeins vil vi be deg vere kritisk til kva forbruksmålingar du lar deg leie av. Vi ser at ymse publikasjonar gjennomfører ymse slags målingar av slikt, men Bedre Gardsdrift har valt å ikkje gjere det utan at vi er trygge på at vi kan stå inne for resultatet.

Forbruksmålingar er rett og slett for viktig til at vi kan ta lett på det.

Powered by Labrador CMS