reg-ill09

Nedturen held fram

No er traktorregistreringane 30 prosent bak fjoråret. John Deere er på fjerdeplass for juli, bak Valtra, og MF og New Holland på delt andre.

Publisert

Vi får satse på solskin og fint vêr framover, for registreringsstatistikken er ikkje noko å bli i lystig humør av.

Juli i år er ikkje langt unna halvparten av juli i fjor: Tilbake 127 traktorar til 164, og med det dårlegaste månaden så langt i 2009. Det fører til at vi no er dryge 30 prosent bak fjoråret.

Fallande KjempeFøler du sterke band til Felleskjøpet, og vil halde humøret på topp, kan du klikke deg ut av denne saka og heller lese noveller i ei gammal utgåve av Allers. For hjorten går stadig i bratt nedoverbakke. I juli i fjor fekk John Deere registrert 65 nye traktorar. I juli i år er talet 25. På same dato i fjor var saldo for John Deere 579 traktorar. I tabellen vår kan du lese minus 218 så langt i år. Siste 12 månader har John Deere 712 traktorar og ein marknadsandel på 23,5 prosent. I 2007 vart det registrert 1060 John Deere, og marknadsandelen var 25,3 prosent.

Angrip Konkurrentane A-K maskiner har ikkje fått full damp på CaseIH enno, men går mindre tilbake med sin raude enn totalmarknaden. Det betyr at CaseIH plukkar marknadsandelar. Men ingen er i nærleiken av framgangen til New Holland. Nesten fem prosentpoeng opp i marknadsandel, det er eit tal det står respekt av. Ingen andre har like stor endring av marknadsandel, verken i pluss eller minus.Også i juli heldt New Holland seg på same nivå som i fjor. Når alle andre går tilbake, er det ein prestasjon Gunnar Thorud og staben hans kan vere nøgde med. Ser vi på prestasjonen siste 12 månader, kan vi merke oss at New Holland no ligg 37 traktorar bak Massey Ferguson. For eitt år sidan var avstanden opp til MF 215 traktorar.

Manglar Futt Eikmaskin har det til felles med Felleskjøpet og Lantmännen maskin at det går trått. Trøysta er at MF er det merket som har det minst verst av dei tre store som går tilbake. Tilbakegangen er faktisk berre litt større enn fallet i totalmarknad. Kampen mellom MF og New Holland er på langt nær avgjort. Berre to traktorar skil dei to merka etter sju månader. I juli fekk begge registrert identisk like mange traktorar. Skilnaden er at Massey Ferguson har gode år å sjå tilbake på, mens New Holland har dårlege tider bak seg.

Veltar? Eitt merke kan konkurrere med John Deere om å gjere det dårleg i 2009: Valtra. John Deere vinn nok på tal traktorar i minus, men for tida er Valtra verst av dei store i prosentvis tilbakegang. Eit hopp i juli, som gjer finnen størst i denne eine månaden, er på langt nær nok til å demme opp for ein tilbakegang på 142 traktorar, frå 339 til 197.

Like ille over heile fjøla Tilbakegangen på plassane seks til ni er forbausande lik: Frå 22 til 29 traktorar i minus. For alle unntatt Deutz-Fahr er tilbakegangen mindre enn totalmarknaden, mens den lysegrøne med sølvfelgar taper meir. Lamborghini bidrar berre til å gjere ting verre: Sølvtraktoren har så langt fått registrert åtte traktorar, 12 færre enn på same tid i fjor. Samla for HCP er marknadsandelen omlag som før, takka vere at Iseki er inne med fire traktorar. Rekneskapen over traktorar er likevel ikkje heilt tipp topp: Importøren som har auka staben for å doble marknadsandelen har gått frå totalt 187 til 128 traktorar i årets første sju månader 2008 mot 2009.

Mc DårligtHalvering, nesten. Stort meir treng vi ikkje seie om McCormick på tiandeplass.

Dei småFor dei mindre merka er tala så små at det er vanskeleg å analysere dei såpass at vi kan seie noko klokt. Vi kan slå fast at det her stort sett er snakk om nisjetraktorar, og at små hendingar gir store utslag på dei låge tala her.

Powered by Labrador CMS