reg-ill09
reg-ill09

A-K er større enn FK

No har vi sett det i fleire månader: Avstanden mellom John Deere og nummer to på lista har krympa. New Holland ser ut til å knipe seg fast på andreplass, med MF hakk i hel.

Publisert

Det normale dei seinare åra, er at John Deere har ligge sju til ti prosentpoeng framom nummer to i marknadsandel, gjennom heile året. Sånn er det ikkje lenger. Felleskjøpets lokomotiv på maskinsida har mista litt av piffen i 2009. Til no i år er avstanden redusert til omlag det halve, altså kring fire prosentpoeng.

Det er fart i A-KLitt av piffen FK og John Deere har mista, ser ut til å vere overført A-K maskiner. Det selskapet har vore gjennom mykje dei seinare åra, og har bak seg nokre tunge nedturar. No har pilene definitivt snudd. Ingen andre merke har framgang i nærleiken av A-Ks New Holland og CaseIH. Det gjeld både i tal traktorar og i prosentpoeng endring av marknadsandelen. Mens John Deere til no i år har tapt 55 traktorar mot fjoråret, har dei to CNH-merka auka med 25 + 24 stykk i første kvartal. John Deere har redusert marknadsandelen sin med 4,1 prosentpoeng, mens New Holland er fram med 4,8 prosentpoeng.

MF er også i sigetVi må heller ikkje gløyme Massey Ferguson, som også har framgang i ein litt fallande marknad. Avstanden mellom MF og New Holland er berre sju traktorar etter tre månader. Denne kampen får vi sjå meir til gjennom året, det kan du vere sikker på. Med 22,3 prosent marknadsandel er Eikmaskin i nakken på Felleskjøpa, berre eitt prosentpoeng bak.

Valtra i vinterdvaleTing tyder på ein tung vinter for visse merke. Valtra er tilbake med like mange traktorar som John Deere, og er til no i år den største taparen ved den reknemåten. Vi kan seie det enkelt: Der Valtra i fjor fekk registrert tre traktorar, har dei i første kvartal berre registrert to. Kombinert med tilbakegang også for Claas er det neppe ballongar i taket og kake på bordet kvar dag i Lantmännen Maskins nye kontor på Jessheim.

McCormick på trynetEtter eit kvartal i 2008 hadde McCormick registrert 46 traktorar. Oppsummeringa etter første kvartal 2009 viser 17 stk, altså minus 26 og langt over ei halvering. Held dette fram, vil totalregistreringane på McCormick for 2009 ende på kring halvparten av resultatet frå 2008 eller 2007, og bli det dårlegaste året for nye McCormick nokon gong.

Mange i minusDet å selje færre traktorar enn i fjor er heilt normalt hos dei aller fleste andre merke. Zetor er litt i pluss, det same med nokre meir spesielle traktorar langt nede på lista.

Totalmarknaden tilbake ca 10 prosentMars 09 er nesten på linje med mars 08. Kan vi håpe på at det er eit signal om at traktormarknaden held på å stabilisere seg etter finansuroa? I alle høve er tilbakegangen til no i år i underkant av 10 prosentpoeng. Held det seg gjennom heile året, endar vi på ein totalmarknad på 3300-3400 traktorar.