Foss-Eik 1

Foss-Eik størst på store hengarar

Av produsentane med over 100 nyregistrerte tilhengarar i fjor, leverer Foss-Eik dei største. Den norske gjennomsnittstilhengaren er straks på 13 tonn.

Publisert

Dei aller største tilhengarane er i gruppa der merke ikkje er oppgitt. Her er gjennomsnittet nesten 16,5 tonn tillatt totalvekt. Ein grunn til det er at her truleg er mange ombygde lastebiltilhengarar, som blir registrert som nye i det dei vert omregistrert til traktorhengar.I denne gruppa finn vi truleg også det meste av maskintraller og tunge dumpertilhengarar som vert brukt i anleggskøyring, i og med at typiske merke som Kane, Bailey og Sele Sveis ikkje står som eigne merke i statistikken.Det er dessutan lite av små tilhengarar som drar ned gjennomsnittet i denne gruppa. Faktisk er her omlag like mange over 22 tonn som under 10 tonn. Det er også her vi finn dei største nye tilhengarane frå fjoråret: 14 er registrert med tillatt totalvekt 29 080 kg, ein står på 30 tonn, og fire er registrert på 31 tonn.Andre storeBigab og Tamsalu har også levert tilhengarar som jamt over er større enn Foss-Eik sine. Bigab er stor på krokløft, men høvesvis 41 og 16 tilhengarar av ein totalmarknad på 2541 utgjer ein ganske så liten andel.Størst på tungtFoss-Eik har altså største gjennomsnittsvekta av dei store leverandørane. Totalt har produsenten levert tilhengarar i 18 vektklassar, mellom anna fordi produksjonen i stor grad er skreddarsaum. Nokre vektklassar peikar seg likevel ut. 13,1 tonn tillatt totalvekt er størst, med 26 nyregistrerte tilhengarar, så vidt framom 19 tonn. Deretter følgjer 21 og 15,4 tonn, sistnemnde med 12 tilhengarar.MetsjøMetsjø ligg nesten eit tonn under Foss-Eik i gjennomsnittsvekt. Her er det registrert totalt fem ulike modellar: 12, 14, 19, 21 og 27 tonn tillatt totalvekt. 14-tonnaren er desidert mest populær med 134 stykk, og med det landets tredje mest populære traktortilhengarmodell. Det er totalt registrert fem av dei to største.AgrometAgromet har ein populær modell på 12,6 tonn, som dei fjor vart registrert nøyaktig dobbelt så mange av som storebroren på 16,1 tonn.OrkelHos Orkel er den mest populære vektklassen 12,1 tonn, der vi finn modellane TT 100 og TX 100. Desse to har i sum 125 nyregistrerte . Nummer to er T 90/TX 90 med 11,1 tonn tillatt vekt og akkurat 100 stk på statistikken, mens nummer tre, TT 130, står registrert med 86 og kan vege 15,5 tonn. Også tradisjonelle T 51, med vektgrensa 3995, er stadig populær med 73 nyregistrerte. Tar vi med 64 einingar av DX 120 med 14,9 tonn og 51 av T 85, med 10 tonn tillatt totalvekt, har vi oppsummert det aller meste av Orkels 2007-sortiment.JunkkariEikmaskins finske tilhengar satsar nesten alt på ein modell. Den kan vege 11,8 tonn, og står registert med 144 nye. Saman med 12-tonnaren frå Weckman er dette landets mest populære traktortilhengar. Deretter følgjer modellen like under fire tonn med 36, før 15,1-tonnaren på 17 og 18,3-tonnshengaren på 10.WeckmanLandets nest mest populære tilhengarmerke er størst på dei små. Difor er Weckman tredje nedst på vektstatistikken, og det skuldast den store populariteten til 3990 kg-hengaren (76 stk) og 9800 kg-modellen (68 stk). Hyppigast registrert er likevel tilhengaren som lovleg kan vege 12 tonn (144 stk - mest populære hengarmodell), før 14,4-tonnaren med 81 nyregistrerte.TumeFelleskjøpets Finlandshengar er ingen tøffing i vektkonkurransen. Det er registrert flest av modellen med tillatt totalvekt like under 12 tonn (84). Deretter følgjer 31 + 20 tilhengarar i vektklassane 3990 og 3500 kg, før 15-tonnaren kjem med 16 einingar.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS