Vil dyrke A-Ks gode sider
Gunnar Thorud varslar ingen dramatiske endringar i A-K maskiner når han overtar som sjef. Selskapet har mange dyktige folk, gode tankar og har gjort mykje rett, og det skal vi bygge vidare på, seier han.
Thorud vil bruke tida framover på å bli kjent med sine tilsette og med avdelingane.– Eg har jo følgt A-K maskiner som konkurrent i mange år, men det er lurt å bruke tid på å bli kjent med det frå innsida. Grunnregelen er den same her som i Eikmaskin: Vi skal selje maskiner og tene pengar, seier den nye toppsjefen i A-K. Den unge sjefen frå Løten presenterer seg gjerne som traktorselgar når folk spør kva han jobbar med.Annleis strukturEikmaskin er bygd opp av eit importkontor med få tilsette, tett samarbeid ikkje minst med dei andre skandinaviske landa, og eit forhandlarnett oppbygd einast av franchise-takarar, altså sjølvstendige selskap som har ein avtale om å drive- og profilere seg som Eiksenter.A-K maskiner er eit reint norsk selskap med eit større importkontor, og ein stor del av forhandlarnettet er eigd av A-K maskiner.– Eg trur A-K maskiner gjer mykje rett. Den som dømer oss best på det, er kunden. Dersom bøndene syns at det er kjekt å handle med A-K maskiner, og opplever servicen vår som god, gjer vi ein god jobb. Det viktige spørsmålet er ikkje kor mange avdelingar vi har, men kor mange nøgde kundar vi har.Pilene har peika oppoverGunnar Thorud har vore med på ei omfattande omstilling i Eikmaskin i dei åra han har vore der. Sist på 90-talet hadde selskapet ei negativ økonomisk utvikling, som nådde botnen i 2002 med eit resultat på meir enn 10 millionar i minus. Deretter har pila peika oppover, og resultatet har konstant blitt betre i den tida Thorud har vore sjef. I 2006 enda driftsresultatet på 43 millionar kroner, og Thorud lovar at 2007-tala er enda betre.I same periode har A-K hatt stabilt gode resultat til og med 2005, med ei bestenotering i 2004 på 30 mill. Etter det har pila peika nedover, med negativt resultat i 2006 på omlag fire mill. 2007-resultatet kjenner vi ikkje, men det skal vere på pluss-sida, og utsiktene framover er veldig gode.Vikingskipet neste?Gunnar Thorud har sansen for å slå litt på stortromma av og til, eksempelvis med å invitere til traktorshow i Vikingskipet. Vi spør om A-K er nestemann ut på den olympiske arenaen.– I Eikmaskin har vi hatt mange gode idear som har fungert. A-K har sine idear, så dette må vi finne ut av etter kvart, seier Thorud.Vil bli enda sterkareThorud meiner det er viktig å unngå at eigarskiftet og leiarskiftet skal skape uro i selskapet og ute hos kundane.– Jobben min framover er å ta med det beste frå mi erfaring frå maskinbransjen, og kombinere det med det beste frå A-K maskiner. Saman med dei andre tilsette i A-K skal vi bygge opp selskapet til å bli enda sterkare, og vi skal dyrke dei mange gode sidene som A-K utan tvil har.