valtra t raud snø fronthydr 07

Vegdirektoratet: OK å omregistrere til T5

Har du ein traktor registrert etter 1. juli 2005 som fyller krava til å køyre 50 km/h, men som er registrert med 40 km/h som maksfart, kan du søke om å få den omklassifisert.

Publisert

Overslag Bedre Gardsdrift har gjort, viser at mellom 500 og 1000 traktorar registrert etter 1. juli 2005 kan vere slik at dei fyller krava som no blir stilt, etter at det er gitt dispensasjon frå det strenge T5-regelverket for traktorar med maksfart mellom 40 og 50 km/h.Omklassifisering på trafikkstasjonenEig du ein slik traktor, og kan dokumentere at den fyller krava til å køyre 50, kan du gå til den lokale trafikkstasjonen og søke om å få traktoren omklassifisert. Det stadfestar Asbjørn Hagerupsen i Vegdirektoratet, etter spørsmål frå Bedre Gardsdrift.I tillegg må du sjølvsagt oppsøke leverandøren for å få fjerna sperra som hindrar traktoren i å gå over 40. På nokre traktorar er det snakk om ei enkel omkoding, mens det på andre traktorar kan vere snakk om skifte av datahjerne.Ikkje mogeleg på alleDet viktigaste tekniske kravet er om traktoren har nok bremseeffekt på framhjula. I tillegg til krava frå styresmaktene, finst det leverandørar som ikkje godtar at deira traktorar blir ombygd til 50 km/h utan å fylle krav som produsenten sjølv stiller.Sjølv om mange traktorar med enkle endringar kan omklassifiserast, er det også mange som ikkje vil fylle krava. Dette fordi forhandlarane såg kampen for 50 km/h som tapt, og difor har levert reine 40 km/h-utgåver i åra som har gått. Det betyr oftast ein framaksling med dårlegare bremseeffekt, anna utveksling i transmisjonen og ymse andre detaljar som ikkje så enkelt lar seg endre.KonsekvensarVer klar over at du ved å omklassifisere ein traktor til 50 km/h samstundes hindrar alle med førarkort tatt etter 1. januar å køyre, så sant vedkomande ikkje har vogntoglappen. Førarkortreglane kan du lese meir om her." Også det meste av tilhengarar og annan slept reiskap har 40 km/h som toppfart, og kan dermed ikkje utan vidare vere med når det går i 50. Ta det med ro Er det aktuelt for deg å omklassifisere traktoren, kan det vere lurt å ta det litt med ro. Dette er aldeles nytt for traktorimportørane, så dei står ikkje klar med papira du treng til dokumentasjon om du ringjer utpå dagen i dag, akkurat. Det kan også vere at trafikkstasjonane treng tid for å finne ut korleis dei skal løyse dette, så vi tilrår at du tar med ein solid porsjon tolmod før du går ut for å gjere endringar.

Powered by Labrador CMS