reg-stat-ill

Traktoråret 2007: Temmeleg bra

Totalt 4186 traktorar. John Deere og FK Agri suverent størst. MF er nummer to og New Holland nummer tre. Claas og Zetor veks mest. 2007 er nest beste året sidan 1988.

Publisert

Dette er situasjonen når vi oppsummerer 2007. Etter eit svært bra 2006, er det fint å notere seg at også 2007 vart pent, når vi ser historisk på det. Vi må heilt tilbake til 1988 for å finne betre år, om vi ser bort frå -06.Solid periode Ser vi på åra etter årtusenskiftet, har traktormarknaden vore stabilt veksande. Sjølvsagt kan ingenting måle seg med 70- og 80-talet, der registreringstala låg jamt over på det doble av i dag. Men etter desse glade åra kom eit kraftig fall og djupe depresjonar i traktorbransjen, med 1992 som det verkeleg svarte året med fattige 2238 nyregistrerte traktorar.

Faktisk har ikkje bransjen opplevd fem så gode år på rad sidan slutten av 80-talet, som dei siste fem åra. Heller ikkje den førre bølgjetoppen, med sitt beste år i 1996, er i nærleiken av perioden vi er inne i no.FK Agri kan feireFelleskjøpet Agri er største importør, for første og einaste gong. Trass i at John Deere var største merke også i fjor, vart så mange av dei gul-grøne traktorane importert av Reinhardt at det som då var FKM måtte sjå seg slått av både A-K og Eik.No er FKM historie, og John Deere-importen overtatt av det regionale Felleskjøpet Agri. FK Agri har på si side kjøpt Reinhardt, som altså tar inn John Deeres minste traktorar til bruk innan park, anlegg og golf. Dermed kan alle John Deeres 1060 traktorar førast på FKAs konto.Neste år blir situasjonen ein annan, i og med at dei to andre felleskjøpa vil stå for importen til sine område sjølv.Når det er sagt, er det grunn til å gratulere FKA med ein suveren siger. Avstanden til nest største importør er 101 traktorar, og til nummer tre er den 237 traktorar.John Deere er rekordstorTrass både omorganisering av importen og ei viss indre uro hos importøren, klatrar John Deere til nye høgder. Aldri før har merket fått registrert så mange traktorar. Med ein framgang på 20 traktorar er dessutan JD merket med tredje største vekst i talet nyregistrerte traktorar. Nylanserte 6030- og 7030 Premium, som kom sist på året i 2006, må nok ta mykje av æra for den fine framgangen i ein svakt fallande marknad.JD 6230 truleg størst av alleI tillegg er det ei viss endring i kva kundane kjøper, noko som heilt sikkert gir sigeren ein enda søtare smak.For landets største traktormodell heiter truleg no John Deere 6230 Premium. Ikkje fordi 5820 fell særleg mykje, men fordi den minste Premium-modellen gjer det veldig bra. Også 7030 Premium gir fine bidrag. Hadde denne serien stått som eit eige merke i statistikken, ville den fått plass nummer 11.Massey Ferguson på andreplass med julebonusEtter fire traurige etterjulsmånader på fjerdeplass, hoppa MF opp på andre i mai. Der har trippeltrekanten halde seg seinare. Desember er på tradisjonelt MF-vis heilt voldsomt, med over dobbelt så mange registrerte traktorar som John Deere. Ingen andre kan vise til slike variasjonar gjennom året: Frå 33 og 39 traktorar i dei to dårlegaste månadane, til 140 i julemånaden. Opplysningsrådet for vegtrafikken, som leverer statistikken til Bedre Gardsdrift, fortel om svært mange registreringar i romjula. Vi blir ikkje overraska om mange av desse er MF-kundar som skundar seg, for å få att momsen i april.MF trygg på andreNår det er sagt, ville Massey Ferguson klart andreplassen sjølv utan å få registrert ein einaste traktor i desember. Avstanden til New Holland er solid med 154 traktorar. Avstanden opp til John Deere er derimot nesten dobbelt så stor, med 284.Dette er andre året på rad at MF klarer å slå New Holland. Det har skjedd totalt tre gongar siste ti år.Massey Ferguson har fått registrert 29 færre traktorar i 2007 enn i 2006. Tilbakegangen i prosent er likevel mindre enn reduksjonen i totalmarknaden. Det betyr at marknadsandelen er svakt fram.Eikmaskin nest størstAgcos dotterselskap i Nydalen i Oslo har grunn til å feire av fleire grunnar. I år som i fjor er dei nest største traktorimportør, og dermed den einaste som ikkje byter plass. Avstanden opp til FK Agri er 101 traktorar, mens avstanden til tredje største importør er 136 traktorar.CNH på nedturNew Holland må tilbake til 2003 for å finne eit dårlegare år enn 2007, og då samanliknar vi med eit år der totalmarknaden så vidt var over 3200 traktorar. Ingen andre fell så mykje, verken i tal traktorar (-115) eller i tapte marknadsandelar (-2,0). Ser vi på utviklinga gjennom året, har New Holland ligge temmeleg stabilt mellom litt over 40 og litt over 60 traktorar kvar månad. Då gløymer vi september, som var ein elendig månad for alle merke.CaseIH strevarDet skal bli interessant å sjå kva CaseIH kan klare i året som kjem, med ei meir offensiv satsing og produkt som tydelegare skil seg frå New Holland. Dei siste åra er nemleg ikkje mykje å sjå tilbake på for A-K-folket.Nest etter New Holland er nemleg CaseIH traktormerket med størst fall, både i tal traktorar (-91) og i marknadsandel (-1,9). Etter å ha hatt hevd på femteplassen i heile LMB-tida, er no CaseIH på delt sjuandeplass saman med Zetor.A-K ramlar, men trivst med detI 2006 var A-K maskiner største importør. I 2007 må Aage Bryns traktorimportør ta til takke med fjerdeplassen. Likevel er ikkje dette så dramatisk som det kan sjå ut til. 2006 vart nemleg eit år med unødige underskot, mens økonomien i selskapet no er langt sunnare. Sånn sett er det mykje trivelegare å vere nummer fire no, enn det var å vere nummer ein etter at rekneskapen for 2006 var gjort opp.Valtra er stødigDet finske traktormerket er fram ni traktorar frå i fjor, og er forunderleg stabilt. Det same kan seiast om vi ser på dei siste ti åra. Hoppar vi over dei to-tre dårlegaste traktoråra i denne perioden, ser det ut til at Valtra har eit typisk volum mellom 550 og drygt 600 registreringar årleg.Claas kjem i full fartClaas er traktormerket som veks med flest traktorar. Opp to plassar frå i fjor, fram 49 traktorar og 1,4 prosentpoeng, og inn på femteplass er respektabelt i det andre året. på marknaden. Enno er det eit prosentpoeng eller der omkring att før Claas er på same nivå som CaseIH i LMB-tida, men merk deg at Claas og CaseIH frå 06 til 07 har bytt både plass og nesten også talverdiar.Ting tyder på at Claas vil slåst mot dei store, og at kampen berre så vidt er starta.I storleik er Claas i ein eigen mellomdivisjon: For liten til å reknast mellom dei fire store, og litt for stor til å vere mellom dei små.Lantmännen nummer treDet svenske felleskjøpet viser at dei har etablert seg mellom dei fire store importørane i Noreg. Avstanden opp til Felleskjøpet Agri og Eikmaskin er for stor til at det er noko å gjere med det på kort sikt, mens A-K ikkje ligg særleg langt bak.Her i landet er situasjonen slik at dei fire store er verkeleg store, så det å kome inn i denne klubben er respektabelt.Fendt størst av restenNo er vi komne til merka som forsyner seg av dei aller smalaste kakestykka, og der er Fendt størst. Omlag like stor som førre året. Fire traktorar tilbake er ingenting å snakke om. Prestasjonen er heilt grei, sjølv om Eik nok hadde håpa på meir.Det ser ut til at Fendt har framgang kvart andre år, så 2008 skal bli interessant. Nivået tyskaren held i 2006 og 2007 er dessutan historisk godt. Mens talet traktorar i 2007 enda på 183, vart det i sum for 2002 og 2003 registrert 185 nye Fendt-traktorar i Noreg. Dei to åra 2004 og 2005 enda på 126 og 130 traktorar.Zetor i medvindDen einaste tidlegare austeuropeiske traktoren som er å rekne med, har hatt fine dagar på slutten av 2007. Zetor er nøyaktig like stor som CaseIH, og kan til skilnad frå den andre raude notere seg ein god framgang. Faktisk nest størst, etter Claas, i tal traktorar: Pluss 43.Det er kjekt for eit merke som har nokre seige år bak seg.McCormick strevar med flyttesjauEtter fleire år med stabil vekst, kom meldinga om at McCormick-produksjonen flyttar frå Doncaster til Italia. Det har ikkje gått som smurd. Fleire modellar har vore ute av produksjon store delar av året, og dei to importørane Lena og Aase Maskin har ikkje hatt det lett. Enno er ikkje alt på plass, men håpet er at ting skal ordne seg i løpet av første halvår 2008. Då er også fleire nye modellar varsla.2006 vart eit bra år, mens nedturen i 2007 stoppa på minus 72 traktorar. At tapa ikkje vart større, skuldast delvis at mange kundar trivst med modellane som alt blir produsert i Italia.Same Deutz-Fahr heilt liktDet gjeld både teknikken og registreringane dei to siste åra. No har konsernet gjennomført ein total italiensk fusjon, slik at alle modellar frå dei fire merka Same, Deutz-Fahr, Lamborghini og Hürlimann er like. Difor ser vi desse under eitt.Deutz-Fahr er størst av dei fire, og er fram åtte traktorar frå 2006. Med det er tiandeplassen sikra, som vanleg. Deretter kjem Lamborghini, som er det einaste av dei tidlegare Italiamerka som blir nemneverdig marknadsført. Her er ein liten tilbakegang, men ikkje verre enn at plass nummer 11 er trygg.Totalt har dei fire fått registrert 164 traktorar i 2006, mot 163 i 2005. Samla ville det gitt ein åttandeplass siste år, tre traktorar bak Zetor/CaseIH.Landini, JCB og BelarusDesse tre har ingenting anna til felles enn at dei ligg lågt. Landini er tilbake seks traktorar, og held seg omlag der dei har vore dei seinare åra.JCB har streva litt med å få trafikkstasjonane til å forstå at noko som er godkjent er godkjent, og har difor blitt ståande med enkelte traktorar uregistrerte i fleire høve. Likevel er det altså registrert 17 nye T5-traktorar i Noreg siste år, og av desse er fleire av toppmodellen 8250. Dette er på JCBs normalnivå her i landet dei seinare åra.Om Belarus kan vi nemne at registreringstalet er 11, akkurat det same som i 2006, og litt betre enn 2004 og 2003. Ein traktor for spesielt interesserte, ser det ut til.Mange små2007 er året då mange småmerke dukka opp, og fekk registrert nokre få traktorar kvar. Av totalt 26 merke på statistikken vår er 10 i denne gruppa. Til saman har dei fått registrert 34 traktorar. Åtte av desse er Antonio Carraro. Ferrari, Holder og Kubota har fire kvar. Iseki har tre, og resten ligg på to eller ein.Alle her er småtraktorar til park, grøntanlegg eller frukt, eller spesialmaskiner for bratt lende.Kan hende skulle enda eit merke vore inne på denne lista, nemleg den italienske transportaren Caron. Vi veit at det er selt minst to slike siste halvår, og på registrertingsstatistikken ligg det inne ein traktor som er kalla "Andre". Vi oppgir ikkje traktorar som vi ikkje kjenner, og har difor ikkje tatt med denne eine ukjente.Det kjem meir om den norske traktormarknaden i førstkomande Bedre Gardsdrift.

Powered by Labrador CMS