colourbox_preview_1005714

Saudi-Arabia investerer i andre land sitt landbruk

I Norge klager Trygve Hegnar på støtta til landbruket. I Saudi-Arabia støtter kong Abdullah landbruket med store summar. No vil styresmaktene også støtte landbruket i andre land.

Publisert

Saudi-Arabia har lang erfaring med å dyrke ved hjelp av vatning. No vil dei investere i landbruket i Ukraina, Sudan, Egypt, Pakistan og Tyrkia. Dette er store og relativt fattige land, med lite kapital til å utvikle landbruket. Saudi-Arabia har kapital og erfaring med landbruk i tørre områder. I tillegg til å hjelpe landa med å utvikle landbruket, ønsker Saudi-Arabia å sikre seg strategiske forsyningar i ei tid med aukande matvareprisar. Spesielt sidan landet har slutta å produsere korn i ørkenen. Ikkje nok med at Saudi-Arabia investerer i store og tørre land. Landbrugsavisen melder at Saudi-Arabia har gitt 500 millionar dollar til FNs matvareprogram. Det tilsvarer 2,5 milliardar norske kroner, det største beløpet organisasjonen nokon sine har mottatt.

Powered by Labrador CMS