Samlar du på traktorbrosjyrer?
Eller heile traktorar, eller andre landbruksrelaterte ting? Kan hende er du aktuell for NRK-programmet Tingenes tilstand. Petter Schjerven er nemleg på jakt etter folk med interessante samlingar.
På Bedre Gardsdrifts mange distriktskontor finst litt over normalt med til dømes traktorbrosjyrer eller modelltraktorar. Men vi er slett ikkje åleine om slike hobbyar. Vi veit at mange av dykk som les dette, har mykje som er vel så bra på lur. Dette er ting som toler dagens lys. Og gjerne også lampene frå eit fjernsynskamera.Kringom i landet finst alt frå spesialiserte samlingar av M.A.N. veterantraktorar, via folk med djup interesse for sjølvbindarens historie, til klassiske modelltraktorentusiastar og kubjøllesamlarar.Det er ingen grunn til å halde seg i skjul. Vi med sterke interesser for landbruket, enten det er på glansa papir eller som dieseltørste pengesluk, kan like gjerne stå fram med interessene våre.Er du sjølv ein slik, eller om du kjenner nokon som er aktuell, kan du gå til NRKs side om programmet. Der er meir info og påmeldingsskjema. " Du kan gjerne også fortelje andre om hobbyen din på debattsidene våre, og kanskje får du enda til utveksla Brittainsutgåva av Ford 4000, venstre kløtsjpedal til ein verneverdig Bukh eller ei tidleg reklameskriv for Rapid motorslåmaskiner her inne.Hugs også at vi i BG-redaksjonen støtt er glade for tips om interessante folk, med eller utan store samlingar.
"