mf 9600-2

Raud råtass

Bedre Gardsdrift har prøvd Massey Fergusons flaggskip 8690, og kan melde at spesifikasjonane er omlag som vi gjetta oss til for fire månader sidan. 

Publisert

Dette er den mest omtalte nye MF-modellen i nyare tid. Faktisk er det snakk om ein heil serie, på fem modellar. Frå 270 til 370 hk, med 1185 til 1540 Nm i dreiemoment. Dei tre minste erstattar dagens 8400-serie, mens dei to største er i effektklassar der MF aldri før har vore. Toppmodellen er verdas sterkaste typegodkjente traktor bygd på konvensjonelt vis. Traktoren er i produksjon no. Først med rein motorteknologiMFs 8600-serie er først ute med kjemisk avgassrensing på landbruksmaskiner. Agco spår at mange maskiner vil følgje etter. Opplegget er slik: Eksosrensinga skjer utanfor motoren, slik at den kan byggast for å gi flest mogeleg kilowatt frå kvart gram drivstoff. Her er alt det vanlege på plass, med common rail, fire ventilar pr. sylinder og wastgate-turbo med ladeluftkjøling. Etter turboen blir eksosen tilført den ureabaserte væska AddBlue. Forbruket er tre prosent av dieselforbruket. Denne tilsettinga reagerer med eksosen gjennom ein katalysator, slik at avgassen er rein karbondioksid, vassdamp og nitrogengass. Så godt som ingenting anna. Med dette systemet er både drivstofforbruk og kjølebehov redusert. Dessutan kan motoren køyre på rein biodiesel. Transmisjon og akslingarTraktorserien har Agcos grøvste trinnlause transmisjon og bakstuss, frå før kjent frå Fendts nye 900-serie. No har MF lagt til fleire køyreprogram, slik at du får fullverdig køyrepedal og automatisk optimalisering av utveksling og motorturtal. Systemet lar seg jamføre med Fendts TMS-system. Framme står ein aksling frå Dana, som fjørar i fartsretningen. I front står eit trepunktsløft som tar over fem tonn. HyttaDen nye 8600-hytta har fire stolpar, og er den første firestolpa hytta der B-stolpen ikkje står heilt bak i hjørnet. Det betyr at bakruta krummar seg framatt ein liten stubb. Hytta har 30 prosent større volum enn den førre. Instrumentpanelet står på rattstammen, og ser ut omlag som vi kjenner det frå eksisterande MF-modellar. Det er einast litt smalare, på same vis som bakkant av panseret. Dette sikrar god sikt til framhjula. Det justerbare armlenet er nytt. Her er den velkjente T-spaken for transmisjonen, pluss all anna transmisjons- og motorstyring. Vidare fingerbrytarar for programmerbare hydraulikkuttak, hydraulisk joystick av stangtype (kule-joysticken er borte), og betjening av trepunkt og kraftuttak. Hytta har firepunkts fjøring, der du kan velje mellom ei enkel hydraulisk fjøring, og elektronisk styrt aktiv hyttefjøring. StamfarDet er inga bombe at denne traktoren vil bli stamfar for komande generasjonar MF. Som designet viser, er Massey Ferguson ganske så aggressive på marknaden for tida, og dei vil vise musklar. Meir å lese Vil du lese omtalen vår av traktoren frå mai i år, kan du klikke deg hit. Det meste av det vi trudde då, viser seg å vere korrekt. " Motorteknologien er nærare omtalt i BG 6/08. Største skilnaden frå det som står der, er at motoren gjerne kan gå på rein biodiesel. I BG 7/08 kjem omtalen frå vår prøvekøyring av traktoren. Bedre Gardsdrift har nemleg, som ein av svært få publikasjonar og einaste norske, vore i Frankrike og sett på beistet.

Traktoren er dessutan kandidat til å bli årets traktor i Europa, der Bedre Gardsdrift sit i juryen.

"
Powered by Labrador CMS