Praktiske råd om gjødselspreiing
I tider med aukande gjødselprisar er det pengar å spare på riktig bruk av spreiaren. Gjødselplanar gir godt grunnlag for gjødslinga, men dette er ikkje tilstrekkelig. Her er den nye brosjyra med praktiske råd.
Det kan vere vanskelig å stille inn spreiaren riktig. Men ved hjelp av den nye brosjyra om gjødsling kan du få råd om riktig bruk. I brosjyra som ligg på Statens Landbruksforvaltning sine nettsider kan du lese om innstilling av spreiaren, mengdekontroll, sidefordeling og mykje meir. Ved jamn spreiing og riktig mengde vil resultatet bli betre. Samtidig går minst mulig av næringsstoffa tapt i avrenning.
Brosjyra er utarbeidd av forsøksringane, Bioforsk og Norges Vel.
Som ein del av same prosjektet, har Tor Breen fra Norges Vel reist land og strand rundt med kurs for bønder og forsøksringer. Det kan du lese om her.
"