Over hundre flått på ett lam
Flåtten er et så stort problem at den fleire stader trugar sauenæringa. Av Kristin Sørheim sine 230 lam har 55 blitt sjuke.
Sauebonde Kristin Sørheim i Tingvoll på Nordmøre vurderer å slutte med dyrehald dersom flåttproblemet ikkje avtar. - Eg trur flåtten er ein trussel mot sauenæringa i heile kystnorge, seier ho til NRK. På det siste lammet ho undersøkte fann ho over hundre flått." ForskingForskningsrådet har starta eit fireårsprosjekt for å finne ei løysing på problemet. Lise Grøva i Bioforsk seier at mildare klima, gjengroing og store hjortebestandar bidreg til at flåtten spreier seg meir. - Når ein har gardar med over 30 prosent tap av lam er det ikkje forsvarleg å drive beiting, seier Grøva. Heile året Den rekordstore hjortestamma ber med seg store mengder flått. På Atløy i Sogn og Fjordane har det ikkje vore flått sidan 40-50-talet. I år er fleire hjortar overfylte av flått, og det er funne flått på både kattar og sauer. I Sunnfjord er det rapportert at folk er bitt i romjula. - Det er ikkje uvanleg med flått sjølv om vinteren, så lenge temperaturen er over fem grader. Det seier spesialist på flått ved Nasjonalt folkehelseinstitutt, Reidar Mehl til NRK.