debatt open

Nytt debattforum

Nytt og betre, med alle dei gamle innlegga på plass. Landets fremste debattforum for oss landbruksinteresserte har fornya seg.

Publisert

Vi er stolte over å nok ein gong tilby oppgraderingar her på gardsdrift.no. Debattforumet vårt er ein kjempesuksess, og no har vi ei teknisk løysing som står i stil med den høge og gode aktiviteten.

Gå direkte til Bedre Gardsdrifts nye debattforum!

" Alt blir med vidare Dei kring 12 500 eksisterande innlegga, fordelt på over 1000 trådar, er med vidare i den nye løysinga. Det betyr at du kan halde fram å diskutere slikt som er diskutert før, og du kan finne svar på ting du lurer på i diskusjonar frå lang tid tilbake.

Enkelt i bruk

Vi har tidlegare brukt omgrepet Høgt under taket, låg terskel. Det gjeld enno: Her skal det vere plass for diskusjonar om landbruk og teknikk av alle slag, og vi skal tole høg temperatur, så lenge du ikkje blir alt for ugrei. Samstundes skal brukarterskelen vere så låg som det går an.Framleis er det slik at kven som helst kan starte ein ny tråd eller svare på innlegg, utan å beherske meir av data enn det å flytte på musa og trykke på tastaturet. Klarer du ikkje å skrive innlegg hos oss, klarer du heller ikkje å gjere det nokon annan plass.

Registrering om du vilPå same tid gir vi no høve til å registrere seg. Som registert brukar er du sikra at brukarnamnet ditt ikkje blir tatt av andre. Du slepp å taste ein kode for kvart nye innlegg, og du vil sjå kva trådar det har vore aktivitet på sidan sist du var pålogga. Registreringa er svært enkel: Klikk på "Registrer deg" oppe til venstre, legg inn namn, epost og ønska brukarnamn, og du får ein kode pr. epost. Bruk koden første gongen, lag eit passord til seinare bruk, og du er inne.Vi tilrår at du går inn og registrerer deg, straks det nye debattforumet er på lufta. Vi står ikkje i døra og passar på brukarnamna, her er det førstemann til mølla som gjeld.

Betre oversikt Ein stor fordel med det nye systemet, er at du får mykje betre oversikt. Trådane blir frå starten av sortert etter tema, av typen Traktor, Gras, Gjødsel og plantervern, Bygninger og innendørsmekanisering og så vidare. Tråden med ferskast aktivitet ligg på topp. Innlegga i kvar tråd ligg kronologisk. Det er blitt lettare å manøvrere fram og tilbake. I det heile er ting så enkelt at det ikkje har noko meining å forklare meir. Dette forstår du når du får prøve.

Søk, hurra!

Vi er også glade for å tilby søkefunksjon. Leitar du etter ein diskusjon om eit bestemt emne, skriv du det aktuelle søkeordet i emnefeltet. Med over 1000 eksisterande trådar, er sjansen god for at nokon har diskutert det du lurer på tidlegare. Då er det berre å henge seg på den eksisterande tråden.

Lettare å passe på No kan du varsle oss viss du kjem over upassande innlegg. Det nye systemet forenklar vår jobb med å halde orden inne på forumet. Vi kan enkelt slette upassande innlegg, og sperre ute folk som stadig oppfører seg dårleg. Vi har også høve til å låse trådar som sklir ut, eller gå inn og redigere innlegg. Det siste er mest aktuelt for å rette skrivefeil i tittelen på innlegget, slik at det lar seg finne att ved søking. Dersom vi redigerer noko, vil det kome opp ein merknad om det i innlegget.

gardsdrift.no er først Diskusjonsforumet er utvikla av vår leverandør av publiseringssystem, i samarbeid med BG-redaksjonen og nettansvarleg i morselskapet vårt, Ask Media. Frå før har vi saman utvikla vår anerkjente og unike traktoroversikt. Løysinga er med andre ord skreddarsydd etter innspel frå brukarane våre. Gardsdrift.no er første nettsida der det nyutvikla debattforumet blir tatt i bruk.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS