reg-stat-ill

Nye sprett frå Valtra

I løpet av månaden kjem Valtra med ein ganske solid stabel nye traktorar, med innhald som mange har venta på lenge. I mellomtida markerer finnen seg på registreringsstatistikken.

Publisert

Valtra har flest registrerte i september, så vidt framom John Deere. Det gjer Agcos nordiske traktor til det merket som har størst vekst i marknadsandelane til no i år, og ein sikker tredjeplass både til no i år og siste 12 månader.

Deere omlag på det jamne John Deere har ein halvslapp månad bak seg. Ikkje årsverste, men svakare enn normalt. Så konkurrerer også hjorten med New Holland i å ha det største fallet i marknadsandel. Ser vi på siste 12 månader er det likevel ingen grunn til panikk. John Deere har høgare marknadsandel i den perioden enn i 2006.

Søv Eik?Massey Ferguson luffar vidare på andreplass. Litt betre enn dei to føregåande åra i prosentdel av marknaden. Litt svakare i tal traktorar. Men samla heilt greitt, om vi ser på året under eitt, eller på siste 12 månader. Men det er eit stort men, her.Ser vi på september, bør Eik sjekke om dei har parkbremsa på. I så fall er der varmgang, nesten brannfare, for MF har tre slappe månader på rad. Dei tre dårlegaste månadane til no i år er juli, august og september. For nokon som siktar høgt, er ikkje dette måten å nå målet på.

A-K = ? New Holland er også uvanleg daff. Vi skal ikkje seie at registreringane av blå traktorar har stoppa opp, men her er det verkeleg svake tal. 25 nyregistrerte på ein haustmånad for eit av våre fire største merke tyder på dårleg gange i motoren. Her kan vi bruke ordet årsverste. Av ein eller annan grunn er talet frå september i fjor like dårleg. I januar til og med august er gjennomsnitt pr. månad 41 traktorar.

Resten Ser vi på CaseIH, ser vi same tendensen. Sju nyregistrerte i september, mot eit snitt i januar til august på 14 pr. månad.

Også Fendt tar det meir med ro i år enn i fjor. Dette er faktisk første året etter at Eik overtok importen at det kan sjå ut til at Fendt ikkje har vekst.

Ein månad i pluss Elles er det ikkje den store dramatikken i årets niande månad. Totalt er det registrert 36 fleire traktorar enn i september i fjor, og det er godt nytt. Med det har vi tre månader som er betre enn fjoråret, men seks som er dårlegare. Det viser også att til no i år, som er nesten 300 traktorar bak fjoråret. Det svarer til minus 9,7 prosent.

"Andre"Cub Cadet er ingen traktor. Likevel ligg der inne to slike i tala OFV byggjer sin statistikk på. Enten har ein eller annan luring klart å få skilt på ein hagetraktor med midtmontert klippepanne, eller så har nokon kjøpt seg toseters ATV med ratt og lasteplan, på traktorskilt. Vi trur mest på det siste, men slår fast at ATV og liknande ikkje høyrer heime på Bedre Gardsdrifts registreringsstatistikk.Det gjer heller ikkje Farmall, som forsvann som leverandør av nye traktorar for halvannan mannsalder sidan.Vi har heller ingen traktorar av merket "Andre" i vår statistikk. Vi skriv berre om ting vi veit noko om, så difor er ingen av desse "andre" med før vi har eksakte opplysningar som kan stadfeste om det er reelle traktorar.Dette fører til at vi har ti færre traktorar enn i statistikk som vert publisert utan bearbeiding.

Powered by Labrador CMS