traktordød

Ni døde i traktorulukker i år

I heile 2007 omkom fire personar i traktorulukker. Første halvår i år er talet dobbelt så høgt. Til 2012 er målet null dødsulukker i landbruket.

Publisert

Den dystre statistikken fører til at landbruket blir klassifisert som landets farlegaste yrke. I tillegg til traktorulukkene, er det registrert tre andre dødsulukker: Eit fall i gjødselkjellar, eit fall i silo og eit dødsfall under skogsarbeid der ein mann vart truffen av eit fallande tre.Dette er informasjon vi sit med etter å ha gått gjennom det vi har funne av medieomtaler av årets dødsulukker knytt til landbruk eller traktor. I tillegg til ulukkene vi nemner her, kjem ei lang rekkje ulukker med skader der traktoren på ein eller annan måte er involvert.Kritisk for kårkallaneNår vi les statistikken, legg vi fort merke til at fleirtalet av dei omkomne er menn over pensjonsalderen:I den siste ulukka omkom ein 98 år gammal mann då traktoren, ein MF 35 utan veltebøyle, velta. Tidleg i juni vart ein 78-åring overkøyrd av eigen traktor, mens ein mann på 87 år omkom då traktoren velta utfor setrevegen og rasa utfor eit stup. Tidlegare på våren omkom ein mann i slutten av 60-åra då han fekk traktoren over seg under vedarbeid ved ei elv, og ein 70 år gammal mann kom i klem mellom traktoren og låveveggen.Dette er triste ulukker, men på same tid må vi kunne stille spørsmål ved kva krav som skal stillast til bruk av traktorar, både med omsyn til teknisk stand på traktoren, og med tanke på ei eventuell øvre aldersgrense.I fire av dei fem nemnde tilfella var den omkomne åleine då ulukka skjedde, og såleis veit vi sikkert at ingen utanforståande direkte kan lastast. I fleirtalet av tilfella var det også snakk om traktorar av eldre årgang.To påkøyrslerTo av dødsulukkene med traktor involvert har skjedd ved fotgjengarovergangar langs veg. I den eine, i Oslo, vart ein nesten to år gammal gut så skadd at han døydde, etter at ein traktor med lastarmontert feiemaskin køyrde på barnevogna guten var i. I den andre ulukka, på Sandnes, omkom ein 81 år gammal mann.Ein ungdom og ein i 40-åraPå Finnøy døydde ein 17-åring som køyrde langs veg, etter å ha kollidert med ein lyktestolpe og kome i klem då traktoren velta. Traktoren er omtalt som ganske ny og stor.I Nord-Odal omkom ein 40-åring under arbeid på garden med traktorgravar. Grunnen skal vere at noko på traktorgravaren lausna, slik at mannen kom i klem mellom gravaren og førarhytta.Få dødelege traktorulukker knytt til ordinært landbrukDenne gjennomgangen viser at det er ein krevjande jobb å nå fram med tiltak for å redusere ulukkestalet. Sjølvsagt er det rett å sette inn tiltak retta mot bonden sjølv, for det vil alltid vere ein svært stor gevinst ved kvar ulukke vi kan unngå. Likevel ser vi av statistikken at det ikkje er den typiske bonden som døyr i traktorulukkene.Det viktigaste tiltaket vil vere å avgrense kårfolkets bruk av traktor, noko som heilt sikkert kan føre med seg både dårleg stemning i familien og at dei eldre som får ei eller anna form for køyreforbod vil oppleve redusert livskvalitet. For å køyre bil eller traktor langs veg etter fylte 70 år er det krav om legeattest. Slike avgrensingar gjeld ikkje køyring utanfor veg. Der er det Arbeidstilsynets krav om å vere skikka til jobben som gjeld, dersom køyringa skjer i samband med gardsdrifta.Vanskeleg å seie stopp Fagsjef Jan Elgvang i Landbrukets HMS-teneste seier til NRK Sogn og Fjordane at det oftast er familien sjølv som må få den eldre generasjonen til å forlate traktoren. Han meiner det blir gjort for lite for å få eldre menn til å parkere, men innser at dette ikkje er lett.

Powered by Labrador CMS