reg-stat-ill

New Holland i rørsle?

I august er New Holland oppe på andreplass på registreringsstatistikken, godt framom MF og Valtra. Og CaseIH har snudd pila, og ligg framom fjoråret. Men er hjorten på retur?

Publisert

Året sett under eitt er klart og greitt. John Deere er og blir størst. Likevel skal vi stoppe opp litt med marknadsleiaren denne gongen. Etter august i fjor hadde John Deere fått registrert 777 traktorar, og marknadsandelen var 27,5 prosent. Til no i år er talet 654, ein nedgang på 123 traktorar. No er rett nok totalmarknaden ned, men John Deere fell meir enn marknaden. Tilbakegangen er på 15,8 prosent, noko som også gir 1,3 prosentpoeng svakare marknadsandel. Dette skjer i eit år der effekten av 6030, altså etterfølgjaren til 6020 SE-serien, burde gitt positive utslag. Likevel skal vi ikkje gløyme at marknadsandelen for John Deere siste 12 månader er høgare enn i 2006.MF og Valtra held standPå andreplass er, som vi er blitt vant med i det siste, Massey Ferguson. Trass ein svak august er marknadsandelen ørlite framom fjoråret, og siste 12 månader er betre enn dei to føregåande åra.Det same kan seiast om Valtra: Svak august, men i sum går det framover.New Hollands hopp49 traktorar i august er nesten 15 prosent av kva New Holland har registrert gjennom året, og gjer august til årets nest beste månad for dei blå. Kva dette skuldast har vi inga forklaring på, og vi trur ikkje at vi enno ser nokon direkte konsekvens av Bertel O. Steens oppkjøp av A-K maskiner. Vi ventar i spenning på kva New Holland kan finne på mot slutten av året.RestenAv dei andre større merka er det ikkje særleg store utslag frå månad til månad for tida. Vi kan nemne at av dei mindre har Landini fått registrert halvparten så mange til no i år som til same tid i fjor. Iseki er inne for første gong i år, og slår til med tre på ein gong.Totalmarknaden i 2008: Ca 3850 traktorarMykje tyder på at vi endar på ein totalmarknad kring 3850 traktorar i år. Det er nivået etter 12 månader, og det er talet vi kjem til når vi legg årets første månader til grunn for ei vekta prognose. I eit normalt år er grovt rekna 65 prosent av alle traktorar gjennom året registrert når vi er ferdige med august. Alle våre reknestykke endar ein plass frå knapt 3800 til noko over. Utan at vi tør å garantere noko.

Powered by Labrador CMS