reg-stat-ill

MF størst i april

... og har stor framgang, sjølv om avstanden til John Deeres førsteplass er solid. Valtra, Claas og Fendt bremsar, og det gjer også New Holland. Årets april er på nivå med fjorårets.

Publisert

Det betyr at fallet i traktorregistreringane frå mars er med vidare. Med andre ord ligg vi etter fire månader 159 traktorar bak same periode i fjor. Både om vi ser eitt og to år bakover, er årets april heilt fin, og litt betre enn begge nemnde år. Slik sett er det mars som kan til at vi ligg bak skjema, med uvanleg dårlege tal.

I førre månad spekulerte vi på om det var påska som kunne vere grunnen til mars-resultata, ein spekulasjon også andre har hengt seg på. I så fall er også apriltala dårlege, i og med at vi ikkje har hatt påske i april i år, mens det dei to føregåande åra har vore aprilpåske.Kan hende har ikkje høgtida særleg mykje å seie, i og med at registreringstala trass alt berre er ei stadfesting av kjøp som er inngått opptil mange månader på førehand.MF i framgang4,3 prosentpoeng auke i marknadsandel, størst på statistikken for april, og vekst i talet registrerte traktorar trass fallande marknad. Det er situasjonen for jubilanten frå Frankrike. MF ligg etter april åtte prosentpoeng bak John Deere, mot ti prosentpoeng etter dei tre første månadane.Siste 12 månader har MF fått registert så godt som identisk like mange traktorar som i godåret 2006. Den gongen gav det ein marknadsandel på 18,4 prosent. Siste 12 månader er talet 20,0 prosent. Med andre ord er kvar femte traktor ein MF. Massey Ferguson har åleine større del av marknaden enn New Holland og Case IH i sum, både til no i år og siste 12 månader.Veltrimma hjortSamstundes er kvar fjerde traktor ein John Deere. Andelen siste 12 månader er 25,6 prosent, mens andelen til no i år er 26,8. Hjorten er i form, er det i alle fall ingen tvil om.Kva gjer A-K?Enno ser det ikkje ut til at A-K maskiner har klart å bremse den negative utviklinga. Både på kort og lang sikt fell New Holland. Trøysta er at CaseIH ikkje lenger taper marknadsandel.Retur i LantmannenBegge Lantmannen sine merke går tilbake, men resultatet siste 12 månader er betre enn i 2006, om vi måler marknadsandelen. Til no i år kan både Valtra og Claas notere seg for ein tilbakegang på 1,9 prosent mot same fire månader i fjor.HCP klar for doblingDen nye marknadssjefen i HCP Norge har lova dobla marknadsandelar på sine merke. Å sjå utslag av dette alt første månaden etter at han vart tilsett er ikkje akkurat noko vi skal forvente oss, men grunnlaget er greitt: Zetor er fram eitt prosentpoeng, Deutz-Fahr fram 0,4 og Lamborghini fram 0,3 frå i fjor til i år. Også siste 12 månader har dei to største framgang.På lista for siste 12 månader ligg Zetor no på sjetteplass.Fendt fellEiks grøne venn strevar tungt. Same korleis vi les statistikkane, går tyskaren godt tilbake.

Powered by Labrador CMS