ill kalender gno

Kalender på gardsdrift.no

Lurer du på når neste store landbruksutstilling føregår, eller vil du innom ei messe mens du er på ferie i utlandet? No finn du kalender er på gardsdrift.no.

Publisert

I kalenderen legg vi inn aktuelle arrangement frå inn- og utland, med dato og peikar til arrangementets heimeside. Her kan du klikke deg fram, månad for månad, og sjå kva som er i vente.

Er du interessert i maskiner og teknikk, er landbruksutstillingar midt i blinken. Dei næraste er dei mest relevante, men jammen det kan du finne mange artige idear om du reiser langt bort også.

Tips oss!Kjenner du til eit arrangement som er relevant for landbruket, kan du sende oss ei melding. Oppføring i kalenderen er gratis. Her er lokale markdagar og maskindemonstrasjonar like velkomne som gigantmessa Agritechnica.Om du melder frå om noko som skjer, treng vi denne informasjonen:- Namn på arrangementet- Stad- Dato frå-til- Evt. nettside - Gjerne ein liten omtale

Sjekk før du reiser Opplysningane våre kjem frå kjelder på internett og i messekatalogar. Vi gir ingen garanti for at varsla arrangement blir gjennomført, og vi må be deg sjekke datoen sjølv før du reiser. Gi oss melding om du oppdagar feil i opplysningane våre.

Kalenderen finn du i menyen til venstre. Vil du dit med ein gong, kan du klikke deg vidare hit.

"

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS