Jordleigeprisane 2008
Det blir stadig større sprik mellom dei høgaste og lågaste prisane på jordleige, men jamt over er det ikkje snakk om nokon nemneverdig prisauke frå i fjor.
Prisane er henta inn frå kring halvparten av kommunane i landet, og dei store landbrukskommunane er godt representert. Prisinnsamlinga er gjort av Statens Landbruksforvaltning, på det viset at dei sender brev til alle kommunar. I år er det også tatt med om jordleiga er gratis. Det er faktisk tilfelle i mange område av landet, og det trekkjer ned gjennomsnittsprisen.
Den komplette prislista ligg lengst nede i denne artikkelen.Gjennomsnitt, min og maks SLF opererer med ein gjennomsnittspris, altså eit reint matematisk tal. På dette viset skil lista over jordleigeprisar seg frå Bedre Gardsdrifts liste over maskinleigeprisar. Der brukar vi omgrepet "middelpris", som er eit tal vi kjem fram til ved å manuelt vurdere alle innkomne prisar i kvar kategori. For å ta eit døme: Er det kome inn fire prisar som dette: 100, 105, 95 og 0, blir gjennomsnittet kr 75. Vi i BG ville sagt at middelprisen er kr 100, fordi det er den mest representative prisen.Noko som er spesielt for denne lista, er at også høgaste og lågaste pris er gjennomsnittsprisar. Dette fordi kommunane melder inn sine gjennomsnittsprisar, så blir den høgaste av desse notert som høgaste pris i lista. Det betyr at enkeltprisar kan ligge veldig mykje høgare enn det som står som makspris her.Det same gjeld minsteprisane, om enn i motsett retning.Same kva liste du sjekkar prisar i, om det er jordleige, maskinleige eller leigekøyring, er det difor viktig at du sjølv vurderer kva som er rette prisen. I mange tilfelle vil både gjennomsnittspris og middelpris vere feil for deg. I mange høve vil det også vere rett å legge seg utanfor høgaste og lågaste pris i listene.Knapt prisaukeIndeksen over jordleigeprisane for dei seinare åra viser at endringane frå i fjor til i år er temmeleg små. Jord til gras og beite blir i gjennomsnitt mindre godtgjort no enn før. Indeksen er rekna ut på same vis i år som tidlegare år, slik at tala kan samanliknast direkte.Jord til potet er den einaste med nemnande auke, sjølv om hoppet var mykje større frå 2006 til 2007.Det ser altså ikkje ut til at stigande prisar på verdsmarknaden har gitt utslag på den norske jordleiga enno. Derimot kan det vere slik at den stadige nedlegginga av bruk i dei mindre aktive delane av landet fører til at prisane der går enda meir ned, for å sikre at jorda blir halden i drift.Kamp om jorda eller kamp om bondenBåde større einingar i planteproduksjonen og samdrifter i husdyrproduksjonen er med på å presse opp prisane heilt lokalt. Det kan bety at prisane i ein kommune ligg temmeleg høgt i ei grend, mens det i nabogrenda er vanskeleg å få nokon til å ville drive all jorda. Det vil trekke prisen ned. Vi kjenner også til at bonden blir betalt for å leige jorda. Slikt går ikkje fram av tabellane her. Heller ikkje om prisen for jordleiga er eit lass ved eller eit gratis slakt, til dømes. Slike tilfelle finst det også mange av.God jord betre betalt, dårleg jord dårlegare betaltGenerelt er prisane stigande på den beste jorda i dei mest aktive områda. På same vis fell prisen, ikkje minst på dårleg jord, i mindre aktive distrikt.Høgaste prisane er på grønnsaksjord i Rogaland og på Austlandet. Også potetjorda ligg høgt. Jord til kornproduksjon ligg vesentleg over jord til gras. Beite er, naturleg nok, som vanleg billegast. Det er verd å merke seg at gjennomsnittsprisen på eit dekar utmarksbeite i Rogaland er høgare enn eitt dekar kulturbeite på Vestlandet eller Sørlandet.God og dårleg jordDet er viktig å skilje mellom god og dårleg jord når du set prisen. Dårleg jord er omtalt som jord i dårleg hevd. Mellom anna dårleg grøfting, dårleg arrondering, brattlendt eller lite høveleg arealinndeling kan gjere jorda klassifisert som dårleg. Ugrastilstand er eit anna moment vi meiner må leggjast vekt på. Det gjeld særleg i grasområda, der høymola mange stader får herje fritt i nokre år, før eigarane finn det for godt å leige ut jorda.Meir om jordleige i Bedre Gardsdrift nr. 5/08.
jordleie, leiejord, leiepris