reg-stat-ill

John Deere framleis i farten

- mens det tetnar til mellom dei tre neste. Til no i år ligg MF, Valtra og New Holland heilt likt. Siste 12 månader er MF klart framom dei to andre.  

Publisert

Vil du ha ein kortversjon av tilstanden på den norske traktormarknaden til no i år, kan du merke deg dette:- John Deere: Knapt 200- Valtra, MF og New Holland: Knapt 100 kvar- McCormick, Fendt, Claas og Deutz-Fahr: Knapt 100 til saman- Resten: Knapt 50 til saman HjortesprangetSiste 12 månader har John Deere fått registrert 1077 traktorar. Det er litt ned frå førre månad, men framleis soleklart i tet. Januar pluss februar i år gir i sum 190 grøn-gule, som er langt framom fjoråret. Ingen andre har så mange prosentpoeng framgang i marknadsandel som John Deere frå -07 til -08. John Deere er like stor åleine til no i år som to av dei tre neste i sum. Slik var det forresten også i fjor på same tid.Tett, tett, tettTil no i år har Valtra, MF og New Holland fått registrert høvesvis 98, 95 og 94 nye. Med andre ord har desse tre starta året så godt som identisk.Fin start for italiensk engelsk-amerikanar Traktoren med det amerikanske namnet og dei engelske tradisjonane, McCormick, startar året ganske så bra. I alle fall om vi tar omsyn til alle problema i fjor. 19 traktorar i februar og 14 i januar sikrar ein markert femteplass.

Siste 12 månaderFørsteplassen har vi nemnt. Vi må føye til at utviklinga såg meir positiv ut i januar enn no som februar er omme, men framleis snakkar vi om rekordhøge tal for John Deere. Merk deg likevel at avstanden nedover er mindre når vi ser utviklinga over ein lengre periode, enn når vi ser berre to månader isolert.Massey Ferguson held seg trygt på andreplass, og har ei positiv utvikling. Marknadsandelen er betre enn dei to føregåande åra, og talet traktorar er i nærleiken av gullåret 2006.New Holland ser ut til å bremse fallet noko. Det vil ikkje forundre oss om vi snart ser ei pil som peikar oppover frå A-Ks viktigaste merke. Vi kan i same slengen nemne at CaseIH har stabilisert seg på 151 traktorar siste 12 månader.Valtra har betre tal siste 12 månader enn både 2006 og 2007. Her snakkar vi altså om eit merke i vekst, om enn ikkje like kraftig veksande som John Deere.Claas har stagnert, ja faktisk gått litt tilbake. Det kan tenkjast at dette er ein forbigåande tendens, men januar og februar i år ligg berre på halvparten av ein gjennomsnittleg månad i fjor.Også Fendt buttar litt imot. McCormick har derimot litt framgang, og Deutz-Fahr gjer det bra.JCB er siste 12 månader på same nivå som i 2006.Totalt er dei siste 12 månadane litt svakare enn heile 2007, og nær eit par hundre traktorar bak 2006. I gjennomsnitt er det i perioden registrert 348 traktorar kvar månad.Februar Februar i år enda på 259 nyregistrerte, når vi har fjerna ein Farmall (som neppe er heilt ny) og ein ukjent. I fjor var talet 277. Februar er altså ein av dei svake traktormånadane.

Powered by Labrador CMS