JD vs Fendt vs Valtra
Det er her det skjer, på debattforumet på gardsdrift.no: Jarle Nordby med kompisar har prøvd John Deere mot Fendt mot Valtra, med same hengar opp same bakke. Her er bilete og resultat!
Løypa var berre 350 meter, så dette går ikkje heilt inn under kva vi i BG definerer som ein grundig test. Likevel, vi har stor sans for påfunnet, og oppfordrar gjerne lesarane våre til å gjere fleire samanlikningar, prøver og testar av stort eller lite omfang, og dele erfaringar og resultat her på gardsdrift.no.Debatten finn du her. Bileta ligg i galeriet her, og dette skriv Jarle i innleiinga til debatten: " Hei alle sammen som har diskutert JD mot Fendt i lange tider. I kveld gjorde vi endelig alvor ut av en real test mellom disse to. Samme tilhenger opp samme bakke. Vi tok tiden fra start til mål. (...) Vi testet 4 traktorer opp en bakke på 350m. Hengeren haddde en totalvekt på 18-19 tonn.
Traktorer som var med i testen var: 08 JD 7530 570 timer med trinnløs kasse 08 Fendt 820 500 timer 06 JD 6920S trinnløs og chippet 02 Valtra 8550.Merk deg at løypa traktorane vart prøvd i er så kort at alle køyrde den på kring eitt minutt. Til samanlikning var testløypa Bedre Gardsdrift og Transportmagasinet brukte under dieselforbrukstesten vår 34 km, og målingane vi gav opp der var gjennomsnitt av tre køyrde turar.Vi forventar sjølvsagt ikkje at lesarane våre skal ha tid, kapasitet og økonomi til å gjennomføre like omfattande opplegg, og gir honnør både til Jarle og til alle andre som prøver maskiner og deler erfaringane. Om mange gjer som Jarle og andre på debattsidene våre, kan også det vere med på å gi litt kunnskap om kva eigenskapar som skil traktor A frå traktor B. Gjer du noko slikt, tips oss gjerne, og send gjerne bilete og video til oss, så legg vi det ut i galleriet vårt. Her er i alle fall Jarle & Co sitt resultat. Det kan du lese og tolke sjølv, og diskutere vidare:Tid på 350 meter, mm:ssValtra 01:07,8Fendt 00:58,1JD 7530 00:57,9JD 6920 00:55,0 (dansketrimmet) Snittfart, km/h:Valtra 18,8Fendt 21,7JD 7530 21,8 JD 6920 22,9