reg-stat-ill

Ingen store sprell

Registreringsstatistikken for oktober er klar, og stadfestar mykje av det vi har sett i det siste: Totalmarknaden er ned ca 10 prosent, og teten er som den brukar å vere.

Publisert

Med to månader att av året, skal det mykje til før vi får dramatiske utslag på statistikken. Difor tør meine at dette blir nokre av konklusjonane for traktoråret 2008, i alle fall når vi oppsummerer dei ti første månadane av året:- John Deere og New Holland er dei største taparane, i og med at begge har fått registrert drygt 100 færre traktorar enn på same tid i fjor.- Eikmaskin har også tapt mykje, med minus 64 på MF og minus 20 på Fendt.- Valtra er solid. Pluss tre traktorar, og størst vekst (+1,6 prosentpoeng) i marknadsandel- Claas har stort fråfall- CaseIH har stabilisert seg- Deutz-Fahr har størst framgang i tal traktorar (+33), og aukar marknadsandelen kraftig (frå 2,4 til 3,8)- McCormick er i siget att, og går litt fram frå i fjor - Zetor er like mykje tilbake som Fendt

Stabilitet Siste månad er det ingen som har gjort spesielle sprell. John Deere er som normalt i tet, mens dei tre neste i teten er heilt jamne. Bak desse følgjer Fendt og Deutz-Fahr på delt femteplass.

Du lille kinesarTo Kina-merke er inne på statistikken: Jinma og Foton. Sistnemnde er kjent under ymse andre namn, og Foton er ikkje lagt inn med eigen merkekode i systemet som blir brukt ved registrering. At merket brått er inne på vår statistikk skuldast at Bedre Gardsdrift og Opplysningsrådet for vegtrafikken no har oppklara kva som ligg bak kategorien "Andre".Den siste traktoren under "Andre" er ein Reform Metrac.

Vi kan elles gratulere Caron-importør Arnold Berge i Fjærland med eit gjennombrot, etter at biltilsynet lenge har avslått å registrerer det italienske transportarmerket.

Oktober ned 50Årets oktober ligg 51 traktorar bak fjoråret, og er 100 traktorar dårlegare enn 2006.Det er registrert traktorar av 24 ulike merke, mens fire merke som var registrerte i fjor har null i år.

Før vi set sluttstrek ventar vi sjølvsagt på november, og den tidvis forunderlege månaden desember.

Powered by Labrador CMS