GrasAAT- og Kofasilkanna skal kastast...
...på rett plass. Addcon Nordic har inngått avtale med avfallsmottak knytt til ordninga Grønt Punkt Norge, som skal ta imot brukte 25-literskanner. Vel å merke om kanna er tom.
Det er slutt på panten på 25-literskannene med GrasAAT- og Kofasilprodukt. No skal kannene som er i omløp leverast på avfallsmottak, og til erstatning kjem eingongskanner.
Offentlege krav i vente Grunnen til at pantekannene går ut, er todelt. EU vil kome til å krevje at kannene skal vere heilt reine inni, for å sikre produktkvaliteten. Det andre kravet er at korken skal vere forsegla. Dette har Addcon Nordic, som produserer GrasAAT og Kofasil, valt å løyse med å innføre eingongskanner, med høve til forsegla kork, i alle fall i ein overgangsfase.
Langt å reiseFor mange av landets bønder betyr Addcons løysing lange bilturar for å bli kvitt tomemballasjen. Til dømes er der tre mottak i Oppland: Lillehammer, Ringebu og Gjøvik. For bønder i Lesja, Valdres og Ottadalen er det dermed ein heildagsjobb å bli kvitt kannene på grei måte, om ikkje nokon tar initiativ til organisert lokal innsamling som med landbruksplast.Tidlegare var som kjent opplegget slik at du kunne levere brukte kanner hos alle som selde dei aktuelle ensileringsprodukta.Her er lista over mottak som vil ha GrasAAT- og Kofasilkanner.
" Skal vere heilt tomEit krav for å få levere kanna, er at den er heilt tom. Er det att ein desiliter eller tre, risikerer du at avfallsmottaket omdefinerer kanna til farleg avfall, som du må betale for.- Ensileringsvæska er verdifull, og mange småskvettar blir fort til ei halvfull kanne, poengterer Addcons Ottar Kjus.Enten kan du ta jobben før levering, eller du kan ha rutine på å tøme siste skvetten over i ny kanne kvar gong du skiftar i slåtten.
Fat og container som før Ordninga med pant på 200-liters fat blir vidareført. På 1000-liters container er det eigne ordningar. Addcon merkar elles at etterspurnaden etter kanner er fallande, til fordel for fat, container og bulk. Det går også an å handle i store kvanta og sjølv tappe over på kanner.
FK-middel på gamlemåtenKanner til Felleskjøpets Ensil-produkt, inklusive den utgåtte Ensil Maursyre, blir tatt i retur som før.- Vi kjem også til å rette oss etter reglane som EU kjem med, og vi drøftar korleis vi skal fylle krava. Kva strategi vi vel, er ikkje avgjort no, seier Jan Håvard Kingsrød i Felleskjøpet Agri. Også hos FK skal kannene vere tomme når dei blir levert.