mf 5470 6490

Gjennomsnittstraktoren er 117 hk

Nesten ein halv million nye hestekrefter kom køyrande i nye traktorar i 2007. Aldri før har store traktorar vore meir populære.

Publisert

Mens norske traktorkundar for få år sidan var veldig konsentrerte om effektklassane frå 80 til 109 hk, har interessa no jamna seg ut og spreidd seg oppover til 149 hk.

Faktisk er klassen 130 til 149 hk like større enn 80 til 89 hk. Det er også ein markant vekst i alle dei høgaste effektklassane, og tilsvarande tilbakegang i alle vesentlege klassar under 130 hk.2007 mot 1997

Utviklinga dei siste ti åra er heilt enorm. I for var den samla effekten på alle nyregistrerte traktorar halvannan gong større enn i 1997.

Den gongen var andelen traktorar over 120 hk lik andelen under 60 hk. I dag er meir enn ti gongar så mange over 120 hk, mens dei under 60 hk held seg stabilt på same nivå.

Mens meir enn fire av fem traktorar for ti år sidan var i området 70 til 110 hk, har feltet spreidd seg til området 80 til 170 hk i dag.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS