traktoroversikten på nett

Full oversikt

Traktoroversikten på gardsdrift.no er oppdatert med 2009-modellane. 461 traktorar frå 24 ulike merke, med inntil 59 linjer tekniske data pr. traktor. Ver så god, forsyn deg!

Publisert

For første gong kan du dessutan samanlikne traktorar frå fleire årgangar. Frå før har vi den komplette 2008-årgangen på plass. Du vel sjølv om du vil sjå på ein bestemt årgang, eller om du vil ha med fleire.

Bedre Gardsdrifts traktoroversikt på gardsdrift.no lar deg søke, rangere og samanlinke på ei lang rekkje måtar, alt etter kva som er viktig for deg. Du kan avgrense søket til bestemte merke, til visse effektintervall, og til å liste opp spesifikke eigenskapar. Alle treffa du får opp i første runde kan rangerast etter dei eigenskapane du er ute etter. Deretter kan du gå vidare, og samanlikne komplette lister med tekniske data for inntil seks modellar om gongen.

Oversikten vår er unik også i internasjonal målestokk. Den byggjer på data innsamla frå alle traktorimportørane i landet. Før vi publiserer tala, går dei gjennom ein omfattande kvalitetskontroll. Dette er med andre ord data du bør kunne stole på. Om du likevel finn feil, gir du oss ei melding så vi får retta på det.

Traktoroversikten finn du her.

"
Powered by Labrador CMS