Traktor i trafikk

Førarkortreglane dempar fartsfesten

Opninga for å atter selje traktorar som går i 50, eller omklassifisere og auke farten på eksisterande traktorar, har konsekvensar for kven som kan køyre. Vi repeterer førarkortreglane.

Publisert

Det som kan legge ein dempar på festen no etter at traktorar med 50 km/h igjen er blitt lov å selje, er at stadig færre har lov å køyre dei.

Den magiske datoenNår vi snakkar om førarkort, må du merke deg datoen 1. januar 2005. Frå den dagen er det innført ei ny førarkortforskrift, med endringar for alle klassar.Desse har lov til det mesteAlle med førarkort klasse B eller T tatt før 1. januar 2005 kan fritt køyre alle traktorar, utan grenser for fart eller vekt.

Etter 01.01.2005

Klasse T Traktorførarkort, klasse T, gir rett til å køyre traktor med 40 km/h som toppfart. Du har ikkje lov å køyre traktor som er godkjent for høgare toppfart enn det.I tillegg gjeld ei vektgrense på maks 25 tonn tillatt totalvekt for traktor og tilhengar. Denne vektgrensa gjeld til du har hatt klasse T i to år, eller til du fyller 21 år. Då fell vektgrensa bort.Klasse BEFørarkort for personbil med tilhengar (bil inntil 3500 kg tillatt totalvekt), klasse BE, gir rett til å køyre traktor med 40 km/h som toppfart, og med maksimalt 25 tonn tillatt totalvekt for traktor og tilhengar. Grensene for fart og vekt gjeld uansett alder eller kor lenge du har hatt førarkort.Du kan ikkje køyre traktor med førarkort for bil, klasse B, tatt etter 01.01.05. Unntaket er traktorar med tillatt totalvekt inntil 3500 kg, som i praksis betyr traktorar opp til kring 30 hk.Klasse C1(E)Førarkortet for liten lastebil er lite aktuelt for traktor. Det gir førarrett, også til traktorar med toppfart over 40 km/h, men har ei grense på 7500 kg tillatt totalvekt. Dei fleste traktorar med 50 km/h som toppfart har tillatt totalvekt over ni tonn.Klasse CEVogntoglappen er den einaste reelle sjansen du har for å køyre traktor med høgare toppfart enn 40 km/h om du tar førarkort etter 1. januar 2005. Her gjeld ingen restriksjonar verken på tillatt toppfart eller vekt.Du kan også køyre raske traktorar med klasse C (lastebil), men det blir i praksis utan tilhengar, då klasse C einast gir lov til å trekke tilhengar med inntil 750 kg tillatt totalvekt.

Powered by Labrador CMS