reg-stat-ill

Finn fram rasjoneringskorta

Traktorregistreringane fell med 12 prosent målt mot i fjor. Så godt som alle leverandørane slit med stor etterspurnad og lange leveringstider, så kanskje er det ikkje så ille som det ser ut.

Publisert

Landbruket i Aust-Europa kjem for full maskin, og det er større etterspurnad enn normalt også elles i Europa. Det betyr at traktorfabrikkane går for full maskin, og enda klarer dei ikkje å levere fort nok.I og med at vår statistikk ikkje viser kva som er seld, men kva som er registrert, må vi ta med oss dette i vurderingane. Det kan altså godt vere at norske bønder investerer i traktor som aldri før, utan at det kjem fram av statistikken her. For tida viser den heller kor mange traktorar vi er blitt tildelt frå fabrikkane.Stor ordrereserve?Dette etterslepet vil etter kvart ta til å hente seg inn att, men vi kan vente oss lange leveringstider ei heil stund framover. Det kjem av at også fabrikkane sine underleverandørar har unormalt lange leveringstider, mellom anna fordi desse også leverer til andre bransjar der etterspurnaden også er stor.Sjølvsagt ville det vore interessant å sjå ordrereserven til dei ulike importørane, men slike papir vert neppe vurderte til å vere truverdige om dei på noko slags vis vart gjort tilgjengelege. Alle meiner å ha bra med kontraktar i bakhand, utan at det er noko vi treng føre statistikk på.263 bak fjoråretI første halvår 2008 er det registrert 1930 nye traktorar, som er 263 traktorar dårlegare enn fjoråret. Alle månader unntatt januar og april har bidratt til tilbakegangen, og truleg er den viktigaste enkeltgrunnen nettopp leveringsproblema frå fabrikkane. Juni er den nest svakaste månaden målt mot 2007, med minus 56 registreringar.Alle store går i minusAlle dei store har tilbakegang i første halvår. Dei fire i tet, unntatt MF, har gått tilbake mellom 60 og 66 traktorar kvar. Claas taper halvparten så mange, men har samstundes eit svakare utgangspunkt. Fendt taper like gale som Claas. MF held best stand med minus 10. Det fører likevel til god framgang i marknadsandelen, frå 16,9 til 18,7 prosent. John Deere er som vanleg ein god stubb framom, mens New Holland og Valtra no balar nede på 13-talet.Dette betyr at mykje skal skje om ikkje John Deere vinn suverent også i år, med MF på ein like suveren andreplass. Siste 12 månader har MF arbeidd seg opp til 19,5 prosent marknadsandel.CaseIH og Deutz-Fahr i framgangFor A-K maskiner er det nok til stor glede å notere at trenden for CaseIH omsider har snudd. Siste 12 månader, og også første halvår i år, viser ei pil som så vidt peikar oppover. No har også CNH klart å skilje litt meir mellom korleis raud og blå utgåve er, slik at dei appellerer til fleire kundegrupper. Det skulle ikkje undre oss om Bertel O. Steens traktorfirma finn tal å glede seg over i statistikken det komande halvåret.Deutz-Fahr er einaste merke med god framgang. 13 traktorar i pluss er ikkje noko overveldande tal, men i ein fallande marknad tyder dette enten at HCP er flinkare enn konkurrentane til å bestille rett traktor til rett tid, eller rett og slett at fleire kundar vil ha lysegrøn traktor.

Den andre kinesarenI februar vart det for første gong er ein kinesisk traktor registrert i Noreg, av merket Foton. No kjem Jinma etter. Rett nok har merket seld eit tresifra tal traktorar her i landet dei siste åra, men alle desse har vore under krava til registreringsplikt, i praksis med toppfart inntil 20 km/h.Seks utan suksess i år Heile seks traktormerke frå i fjor har enno ikkje fått registrert ein einaste i år. Dette er ikkje veldig dramatisk, for i alle tilfella er det snakk om spesialtraktorar som det normalt vert levert svært få eksemplar av. Unntaket frå det med spesialtraktorar er Hürlimann, men dette merket er berre ein Lamborghini med andre klistremerke.

To traktorar er ukjente og ein veteran er feilregistrert som ny, så dei er ikkje oppgitt hos oss.

Powered by Labrador CMS