Eikmaskin held full fart framover
Det er ingen dramatikk i at Eikmaskins adm.dir. Gunnar Thorud har hoppa over til Bertel O. Steen. Eikmaskin blir styrt stødig vidare, seier Agcos Norden-sjef Bo Wallin til Bedre Gardsdrift.
Agco driv i 140 land over heile verda, så skifte av medarbeidarar er noko selskapet har erfaring i å handtere.Kunden skal ikkje merke nokoEikmaskin er inga skute utan kaptein, men derimot eit skip i full fart framover, mens det er vaktskifte på brua.– Vi har rutinar i å drive med ulik bemanning, og Agco har ein solid og sterk organisasjon. Difor vil det ikkje påverke drifta av Eikmaskin at vår direktør har skifta jobb. Gunnar og eg har samarbeidd tett i mange år. Eg kjenner den norske organisasjonen godt, og eg føler meg trygg på at det som skjer ikkje får konsekvensar for kundane våre, seier Wallin. Han har ansvaret for å følgje opp Noreg, Sverige og Danmark, og har vore Gunnar Thoruds næraste overordna.Uvisst når ny sjef er klarAgco er i gang med å skaffe ein ny sjef til Eikmaskin, men dette arbeidet er naturleg nok i ein veldig tidleg fase. Wallin kan ikkje seie noko om når ny sjef kan vere på plass. Det kan gå fort, eller det kan ta lang tid.– Vil de rekruttere nokon internt frå Agco- eller Eik-systemet, frå ein konkurrent, eller frå ein heilt annan plass?– Alle tre alternativa er aktuelle.– Vil den nye sjefen vere norsk, eller frå utlandet?– Lokal forankring er ofte ein fordel.SunnheitsteiknBo Wallin seier at Gunnar Thorud har vore ein fantastisk ressurs for Agco i Noreg, og han er takksam for den tida Thorud har arbeidd i Eikmaskin.– Det at han no byter jobb, er eit sunnheitsteikn, meiner Wallin. Han gler seg også over det Thoruds nye arbeidsgivar er i gang med.– Bertel O. Steens oppkjøp og engasjement i landbruket er også eit veldig positivt signal. Landbruksbransjen har jo ikkje vore eit så veldig heitt investeringsemne dei siste 20–25 åra. Oppkjøpet av A-K viser at også folk utanfor landbruket ser at vi har ein god periode i vente, så dette er positivt for bransjen. Les også
- Bertel O. Steen kjøper A-K maskiner
- Gunnar Thorud til Bertel O. Steen
"