Du er viktigare enn middelet

- Jobben du gjer er mykje viktigare enn kva middel du brukar. - Rundball eller silo blir betre med ensileringsmiddel. - Kjøp aldri ensileringsmiddel på impuls.

Publisert

- Jobben du gjer er mykje viktigare enn kva middel du brukar.

- Rundball eller silo blir betre med ensileringsmiddel.

- Kjøp aldri ensileringsmiddel på impuls.

Desse tre råda får du frå nokre av dei fremste fagpersonane på ensilering i Noreg. Som vanleg før slåtten har Bedre Gardsdrift laga ein oversikt over alle aktuelle ensileringsmiddel, og vi har snakka med alle leverandørar og viktige fagfolk elles. Mellom dei er ensileringseksperten Magne Mo på Ås.

Ensileringsmiddel er hjelpemiddel

– Ensileringsmiddelet gjer godt surfôr betre. Gjer du jobben godt, vil dei fleste middel hjelpe deg å få høgare verdi på fôret. Gjer du ein dårleg jobb, vert resultatet dårleg, same kva middel du brukar.

Er du mjølkebonde med avdrått kring seks tonn pr. ku, klarer du deg fint med eit måteleg bra surfôr. Er målet avdrått over sju tonn, er godt grovfôr heilt avgjerande.

– Viktigast er rett haustetid. Deretter god gjæringkvalitet. Den er avgjort korleis du utfører arbeidet, nok fortørking, og til sist ensileringsmiddelet. Det er altså viktig, men på langt nær det viktigaste.

Mo vil ikkje seie kva som er rett av biologiske eller syrebaserte middel, men har nokre generelle vurderingar.

– Biologiske middel stimulerer mjølkesyregjæringa. Dermed går pH-en ned. Dette hemmar smørsyra i å utvikle seg. Problemet kan vere for sterk gjæring. Det gir for mykje organiske syrer i fôret, som fører til dårlegare opptak. For å få rett gjæring, er fortørkinga viktig, for at det ikkje skal vere for mykje fukt tilgjengeleg. Biologiske middel er ueigna til direktehausta gras.

Idiotsikker syre

Grovfôrkoordinator Oddbjørn Kval Engstad i forsøksringane meiner at du skal velje syrebaserte middel under usikre forhold eller om du ikkje er sikker på om du får til å produsere godt grovfôr. Det er ganske idiotsikkert og enkelt i bruk.

Hugs at syremiddel kan gi større fare for mugg enn dei biologiske middela fordi syra hemmar dei naturlege gjærinsprosessane. Dette trass i at syremiddel kan innehalde muggdemparane propionsyre eller benzosyre. For lite kan faktisk gjere vondt verre. Doser etter råda på etiketten.

Biologisk i Irland

Syrebaserte middel har dominert også i Irland. No får biologiske middel uventa help. Forsikringsselskapa har sett seg lei på dei mange ulukkene der syrebaserte middel er involvert. Dei meiner at det finst fullgode syrefrie alternativ, til dømes biologiske, og nektar å å dekkje skader der syremiddel er involverte.

Samstundes kuttar stadig fleire entreprenørar syremiddel, på grunn av korrosjonen.Kevin Tuck hos biomiddelprodusenten Alltech seier at bruk av mjølkesyrebakteriar krev meir av både bonde og leverandør. Bakteriane må vere dei rette, legging og pakking av silo må vere bra nok og så vidare. Går alt bra, meiner Alltech at fôret smakar betre og gir større opptak.

Mykje er annleis i Noreg

I Irland er ein svært stor del av avlinga raigras. Det er mykje meir sukkerrikt enn det vi normalt haustar til surfôr her i landet.

– Det meste av gras til ensilering her i landet er krevjande å få bra i siloen eller rundballen. Mindre sukker betyr eit mykje dårlegare utgangspunkt for biologiske middel, der bakteriane hentar energi frå plantesukkeret. Dessutan har vi har ein lang innesesong, der nær 100 prosent av grovfôret er eit reint surfôr av gras. I Danmark er denne prosenten kring 30. Vi har altså eit heilt anna behov for tipp topp silo eller rundball, seier Oddbjørn Kval Engstad.

Unngå impulskjøp

Sunnfjord Forsøksring melder om pågåande agentar som sel nye biologiske middel på tunet.

Vil du prøve eit biologisk middel, gjer det på nokre rundballar første året.

Arve Arstein

Ensileringsmiddel må aldri kjøpast på impuls, åtvarar ringleiar Arve Arstein.

– Før du prøver biologisk middel på heile avlinga, bruk ein sesong på å sjekke at alle rutiner fungerer og sjå til at du gjer alt rett.

Ynskjer forbod mot rein maursyre

Leverandørar og rettleiingsteneste meiner at 85 prosent maursyre skulle vore ute av marknaden for lenge sidan, men ingen tør kutte ho frå sortimentet. Eigenskapane maursyra har til ensilering, finn du att minst like gode på alternativa. Desse er mykje meir handteringsvenlege, og ofte rimelegare i pris fordi dei ikkje er farleg gods.

Endringar

I oversikten for 2007 er to nye biologiske produkt. Addcon har ei ny Kofasil-blanding for gras med lågare tørrstoffprosent, tilrådd også for plansiloar der gassfaren ikkje er stor. Kofasil LP er sterkare mot smørsyre, men har mindre effekt mot mugg. Den er billegare enn Kofasil Ultra.

Både FKs Ensil-produkt og Addcons GrasAAT-variantar har endra ingrediensar. Ammonium, som er i blandinga for å nøytralisere syra fram til stoffet møter planten, er bytt ut med natrium, for å unngå at det vert danna små mengder av giftstoffet formamid i væska. Formamid vil bli omdanna når stoffet kjem i kontakt med graset, og det er først nyleg at det er oppdata at giftstoffet kan bli danna. Endringa i ingrediensar medfører justering av kor mykje middelet inneheld av ymse stoff, og for Ensil Pluss Na betyr det endra tilrådd dosering. På grunn av auka pris på maursyre som råstoff, er dei fleste syrebaserte middel opp ein del i pris.

Powered by Labrador CMS