trafikkvettbrosjyre 08

Brosjyre om trafikkvett vekkjer harme

Bondelaget, Politiet, Vegvesenet, TLIF og Trygg Trafikk har saman gitt ut ei brosjyre om trafikkvett på traktoren. Eit svært positivt tiltak, men med eit innhald som er til å bli forundra over.

Publisert

Brosjyra tar for seg nokre av dei viktigaste problemstillingane ved bruk av landbruksmaskiner langs offentleg veg: Breidde over 2,55 meter, køyring med frontlastar, og litt generelt om forholdet til andre trafikkantar og om tilstanden til traktoren.Så langt alt vel, og eit tiltak som fortener ros.

Ille innhaldDet som er ille, er at Bondelaget - og TILF! - går god for den såkalla femkilometersregelen, ein regel vi i Bedre Gardsdrift tidlegare har slått fast at den ikkje finst.Dette gjeld køyring med utstyr breiare enn 2,55 meter, der forskrifta gir ein generell dispensasjon for landbruket for køyring over "kortere vegstrekning". Brosjyra slår fast at denne avstanden "i praksis er maks fem km."

Dette vekkjer naturleg nok stor harme.

Også fleire punkt i den vesle brosjyra er det grunn til å stille spørsmål ved.

Hard debatt i Rogaland Stavanger Aftenblad har omtalt brosjyra på sine nettsider. Sjølvsagt fører dette til debatt, i og med at mange i eit av landets viktigaste landbruksfylke har eit forunderleg hatsk forhold til landbruksmaskiner. Artikkelen og debatten finn du her.

" Bedre Gardsdrift jobbar med sakaBedre Gardsdrift har klare meiningar om traktorar og trafikkreglar, og vi tar norske bønder på alvor. Difor held vi fram arbeidet vårt med landbruksmaskiner og trafikkreglar, for full kraft.Innspel om emnet tar vi imot med takk. Særleg er vi takksame for tips frå deg om du er stoppa i kontroll, om du er bøtlagt eller har liknande opplevingar.

Powered by Labrador CMS