Jaget vilt brei traktor på veg

Breiare enn 2,55?

Med landbruksmaskiner kan du lovleg vere inntil 3,50 meter brei langs veg, under visse vilkår. Her er regelverket, med våre kommentarar.

Publisert

Så sant vegen du køyrer på ikkje har spesielle avgrensingar, til dømes med skilting, kan du køyre traktor, reiskap og det meste slags køyrety med breidder inntil 255 cm, utan problem. Denne maks-breidda er definert i punkt fem i vedlegg 1 til Forskrift om bruk av kjøretøy.Inntil 3,50 meter er OK

For veldig mange i landbruket er reiskapen breiare enn 2,55 meter. Det gjeld svært mange presser, slåmaskiner, treskarar, harver, såmaskiner og så vidare. Difor har styresmaktene bestemt at det skal vere høve til å flytte slik reiskap langs veg, utan å søkje særskilt dispensasjon, om flyttinga skjer innan visse vilkår. Øvre breidde for slik flytting er 3,50 meter, og køyringa kan skje når som helst.RegelenLovteksten som gir deg lov til dette er å finne i Forskrift om bruk av kjøretøy § 5-4 d.Denne seier at 3,50 meter er maksimal breidde ved Forflytning av landbruksmaskin over kortere vegstrekning som ledd i vanlig bruk. Men...Regelen er på mange måtar grei, men der er minst fire ledd i denne setninga som gir rom for tolking, og det er nokre av desse som skaper vanskar for bønder som blir stoppa langs vegen.1: "Forflytning"

Forflytning er greitt nok at køyretyet er undervegs frå punkt A til punkt B. Tolkingsproblemet kjem tydelegast fram slik det tidvis er praktisert på Jæren, der det blir hevda at brei gjødselvogn med gjødsel frå eitt lager til eit anna er transport, og dermed ikkje godkjent som forflytning. Om same vogna derimot vert brukt til å spreie innhaldet på same turen, er det akseptert som forflytning.Køyrer du slikt som grus eller gjødselpallar, er det transport, og altså ikkje forflytning. Ved slik køyring gjeld 2,55 meter som maksimal breidde.Ut over det er det ikkje mange problem knytt til dette leddet i forskrifta.2: "Landbruksmaskin"Normalt ville vi tru at ei landbruksmaskin er ei kva som helst slags maskin som er brukt i landbruket, inklusive traktor.Også her må vi vise til ei jærsk tolking, der det blir hevda at traktoren ikkje er landbruksmaskin. Dette har vi dokumentasjon på at andre i Vegvesenet er usamde i. Som regel kan du difor gå ut frå at traktor - vel å merke brukt i landbruket - kan vere breiare enn 2,55 meter.Derimot må traktoren maksimalt vere 2,55 når den blir typegodkjent, men det er ei anna sak. Du kan montere tvillinghjul og truleg også dekk som gjer traktoren breiare, når du skal ut for å arbeide på åker og eng, så sant breidda då er under 3,5 meter.3: "Kortere vegstrekning"Her er det mykje diskusjon. Det som er sikkert, er at denne kortare strekninga skal vere frå der du startar køyringa på vegen til der du svingar av vegen att. Kort strekning kan altså vere frå tun til teig, eller frå teig til teig.I ei rettleiingsbrosjyre utgitt i Trøndelag for mange år sidan, er fem kilometer nemnt som døme. Det står ingenting i lova om at fem kilometer er det lengste du kan køyre. Etter kva Bedre Gardsdrift har klart å finne ut, er det heller ikkje avsagt dom om kor lang ein slik strekning er. Det skal også nemnast at særleg dette setningsleddet har vore drøfta i møte mellom bondelag og vegdirektorat, men antydningar om at meir enn fem kilometer må kunne vere akseptert.Ei anna relevant avstandsgrense er strekninga mellom gardane i ei samdrift, der 17 kilometer er sett som maks. Dette burde tilseie at du kan køyre med overbreidde innanfor dette området utan problem, men her er det altså mykje uklart.Det som er sikkert, er at intensjonen med dette momentet er at breie landbruksmaskiner bør vere på vegen så stutt tid og strekning som mogeleg, for ikkje å hindre trafikken unødig.Det ville vere naturleg om det med stuttare strekning vert praktisert med skjønn ut frå kor du køyrer. Skal du drive økonomisk som entreprenør med rundballepresse i Kautokeino, må du kan hende spe på med kundar i Karasjok. Avstanden derimellom er lengre enn heile Østfold på langs.Det er også stor skilnad på om du køyrer på E6 gjennom Innhered, eller om du køyrer på bygdevegane i same området.

Berre så det er sagt: Det finst ingenting som heiter "Femkilometersregelen" - den finst ikkje! 4: "Som ledd i vanlig bruk"Dette punktet fastslår kort og godt at landbruksmaskina må brukast til landbruk. Med andre ord kan du ikkje under denne generelle dispensasjonen til overbreidde køyre brei hengar med grus og stein, eller anna anleggskøyring. Du kan heller ikkje køyre på butikken for å kjøpe grillpølser med tvillinghjul og overbreidde.Om arbeid og tilhøyrande vegkøyring blir utført av bonden sjølv, eller ein landbruksentreprenør, spelar ingen rolle.Fornuft funkarVårt inntrykk er at regelverket for overbreidde blir praktisert på ein grei måte dei fleste plassar i landet. Likevel er det ikkje dumt å kjenne reglane, og det er svært gunstig å bruke fornuft og prøve så langt som mogeleg å ikkje provosere medtrafikkantar og myndigheiter.Det er oftast greiare å svinge av vegen og ta ein liten pause om trafikken er stor og du er brei, enn å bli ståande i ein lang og seig diskusjon med ein person med stoppskilt i handa.Her er forskrifta Heile Forskrift om bruk av kjøretøy finn du hos Lovdata, og du kan klikke deg direkte dit herifrå.

Vedlegg 1, der maks dimensjonar utan dispensasjon står opplista, finn du om du klikkar hitover.

"
Powered by Labrador CMS