reg-stat-ill

Avstanden aukar

Som det ser ut no, får vi enda eit år med John Deere suverent på topp, og deretter Massey Ferguson på andre. Desse to drar ifrå resten av teten, altså Valtra og New Holland.

Publisert

Dei to på tredje og fjerdeplass ligg ganske tett, med 0,5 prosentpoeng mellom seg. Valtra er først med 18,5 prosent til no i år, mens New Holland må ta til takke med fjerdeplassen og 13,8 prosent. Vel å merke om vi ser på dei fem første månadane i 2008.Ser vi på siste 12 månader er framleis John Deere og Massey Ferguson temmeleg så trygge på første- og andreplassen. Det er heile ti prosentpoeng frå tredje- til førsteplass, og midt mellom der ligg MF.Siste 12 månader ligg New Holland på tredje, 1,2 prosentpoeng framom Valtra. Dette er tal som kan endre seg såpass at ting snur seg, så her kan det bli interessant.Tre av dei fire i teten har siste 12 månader levert ganske så mange færre traktorar målt mot 2007 eller 2006. Unntaket er Massey Ferguson, som for tida er i medvind.Fendt på ventEnno er talet nyregistrerte Fendt godt under det Eikmaskin nok har som mål. For første gong etter at Eikmaskin overtok tyskaren. er registreringstala fallande.Forklaringane til det kan vere mange. Den eine er at Fendt i større grad enn andre er ein typisk 50 km/h-traktor, der typegodkjenningane lar vente på seg. Ei anna forklaring er at brukarar utanom landbruket kan ha litt trongare tider, og dermed sjeldnare kjøper seg ny traktor.Fem frå femteVi tør ikkje spå kven som endar på femteplass i år. Til den plassen vil vi påstå at der er fem kandidatar: Claas, CaseIH, McCormick, Fendt og Zetor. Avstanden mellom beste og dårlegaste av desse til no i år er eitt prosentpoeng i marknadsandel, tilsvarande 17 traktorar så langt. Alle fem er i ei offensiv stilling og vil bli større.Tilbake i maiRegistreringstala for mai er dårlegare enn normalt. 50 traktorar tilbake frå i fjor, og heile 95 traktorar svakare enn mai 2006. Vi ser med andre ord ei ganske tydeleg pil nedover frå dei to gode åra 2006 og 2007. Men enno har vi att sju månader av 2008, så ting kan skje.FK - Eik - A-K - LantmännenDet er rekkefølgja på importørane. Dei to første er temmeleg så sikre. Mellom A-K og det svenske felleskjøpet er det 11 traktorar i skilnad. Snart er begge å finne i same kommune, og der har vore utveksling av personale. I kva grad slike faktorar påverkar registreringstala, skal ikkje vi meine mykje om no. At siste ord ikkje er sagt, det kan vi derimot slå fast.

Powered by Labrador CMS