mf utv front

ATV + mikrolastebil = UTV

Maskina som Massey Ferguson kallar UTV er ei kryssing av ATV og ein pitteliten lastebil. Den har lasteplan, 20 hk Perkins dieselmotor, variatordrift og førarhytte med plass til to.

Publisert

MFs UTV har fullfjøra sete, til skilnad frå konkurrentane. Pluss fjøring på alle hjul, og uavhengig hjuloppheng både framme og bak.

Den vesle tassen er bygd av MTD, som Massey Fergusons eigar Agco har inngått eit strategisk samarbeid med, når det gjeld maskiner og reiskap for park og hage. MTDs produktspekter blir frå før importert til Noreg av Felleskjøpets dotterselskap Ole Chr. Bye.Den tresylindra dieselmotoren under lasteplanet er vasskjølt, med radiator framme under panseret. Differensialsperrer og firhjulstrekk blir kopla elektrisk. Variatordrifta har to fartsområde framover, pluss revers. Toppfarten er 40 km/h. Det er hydrauliske skivebremser på alle hjul. Alt av naudsynte lys er inkludert, så i utlandet blir denne utan problem registrert som traktor. Vi har ikkje sjekka om den fyller norske krav, men det skulle forundre oss om den ikkje passerer.Den vesle maskina har 400 kg lastekapasitet, og kan i tillegg trekke 750 kg om hengaren ikkje har brems, eller 1,1 tonn om hengaren har brems.Som standard blir den levert med veltebøyle. Om du vil, kan austerrikske Mauser levere dører, veggar og tak så du får tett hytte, eller du kan nøye deg med tak og frontrute.Prisen med veltebøyle ligg ein plass kring 15 000 Euro, med andre ord omlag 120 000 norske kroner.Det er Eikmaskin som importerer Massey Fergusons produktprogram, men dei har enno ikkje avgjort om dei vil satse på UTVen.

Powered by Labrador CMS