fendt 820 fart uskarp q

50 km/h lovleg att

Vegdirektoratet har bestemt at det atter blir lov med traktorar som har 50 km/h som toppfart, godkjent etter reglane som galt før 1. juli 2005, men klassifisert som T5.

Publisert

I eit brev frå Vegdirektoratet til Samferdsledepartementet datert torsdagen før julehelga står det kort, og ikkje minst godt: "Vegdirektoratet har med hjemmel i kjøretøyforskriftens § 1-11 gitt generell dispensasjon fra de tekniske kravene for traktorer med maksimal hastighet mellom 40 og 50 km/h." Tidlegare reglar for 50 km/h vidareførtDei tekniske krava til traktorar som går over 40 km/h, men maksimalt 50 km/h, blir vidareført som dei var fram til 1. juli 2005.

Dette gjeld fram til nye tekniske reglar kjem på plass, og det betyr truleg at det ikkje kjem andre nye særnorske reglar før EU har reglane for sin såkalla T5-traktor ferdig.Mange gode krefter Frå brevet kan det sjå ut til at det er etter initiativ frå Samferdsledepartementet at regelendringa er gjennomført.

Det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at mange aktørar har jobba mykje med denne saka. Norges Bondelag har siste året jobba mykje og godt med problemkomplekset knytt til traktorar og trafikkreglar, dels basert på innspel frå Bedre Gardsdrift og våre lesarar.

Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes Forening (TLIF) har også hatt saka på sin dagsorden, ikkje minst fordi fleire av dei store importørane har pressa på.Særnorsk hinder borteDet som har framstått som eit underleg norsk hinder for 50 km/h-traktorane er med dette borte att.

Økonomisk er det neppe særleg mange som vinn mykje på å kunne køyre 50 km/h i høve til 40 km/h, men i praksis er det likevel store skilnader.

Særleg for bønder og andre som køyrer mykje traktor i område med tett trafikk. Der tilseier erfaringane at ein 50 km/h-traktor kan køyre utan å vere til særleg hinder, mens ein 40 km/h-traktor straks skaper trafikkproblem.

Powered by Labrador CMS